fredag 20. juli 2007

Dagen i dag

Klokka vil gjerne plukke opp tråden frå andre som driv med blasfemiske omdiktingar. Her kjem ei:

Variasjon over Gubben Noa, eller Bjørnen sover, om du vil:

Skrivearmen, skrivearmen, den er jammen vond.
Så kjem faktisk brannen,
sjølve armebrannen.
Amputer han,
amputer han,
så er brannen sløkt.

måndag 16. juli 2007

Mellomspel: Kven Klokka eigentleg er.

Klokka hadde no eigentleg tenkt å skrive noko om teltliv i vestlandsk styrtregn, kvalitetstesting av nye lommeknivar, fastkøyring i grusbakkar og venlege dølar. Det vert ikkje noko om det i dag.

Dei siste dagane har andre bloggarar skrive mykje om ein test ein kan ta. Ein kan finne ut kva for ein figur ein eigentleg er i Mummidalen. Vel nok, tenkte klokka, og ville også finne ut kvar ho passa inn.

Klokka fann testen, tok testen, fekk svar: Mummitrollet. Det forklara eit og anna, for ho har lenge undra over om ikkje farsskapet ho har vore førespegla kanskje inneheld element av bløff. Alle Mummipappaer kan melde seg til Klokka for rørande møte.

Det var ikkje slutt med det. Klokka fann noko anna: Mange andre testar. Ho vart skeptisk til testmakaranes grannsemd då ho kom over formuleringar som "Om vi hadde vært fantasiskapninger i stede for mennesker", "hvordan klær liker du å ha på deg" og "hvordan hår farge [har du]". Likevel: Ein skal ikke skimse av hunden på håra, eller selge smøret før bjørnen er skoten. No som ho hadde funne ut at ho heilt utan tvil er Mummitrollet, vart vegen til vidare oppdagingar kort. Ho tok ei rekkje testar, og fann ut:
- Klokka er over 50 år gamal, mentalt sett.
- Klokka er ein ukrainsk hest som kjem til å bli attfødd som hest også i det neste livet (ho er ein god hest, med andre ord).
- Klokka bør bu i Stavanger, og songen hennar er 'I feel good'.
Dessutan skulle den ukrainske mummitrollhesten eigentleg heite Sunniva, og ho er ein ekte spion. Om ho hadde vore eit fantasidyr, ville ho ha vore den sorte pegasus. Dessutan er ho mest lik Meryl Streep av kvinnelege Hollywood-stjernar.

Klokka vart sjølvsagt meir og meir nøgd. Å vere hest er edelt, å vere Mummitrollet er supert, og å verte hest i neste liv når ein er frå sjølve hestelandet Ukraina - jau, det er gode greier. Dessutan har ho alltid kjent eit nært band til Meryl Streep, heilt frå Madison County til Kenya, frå kranglinga med Richard til kranglinga med Charles/Mike, frå New York til Mundy-heimen. Etter slik ros var det på tide å finne ut kva slags filmsjanger Klokkalivet eigentleg vert spela ut i. Held dykk fast, alle agentar og medantiagentar:

"Ditt liv er en knivskarp dokumentar. Ingen sak er for liten, ingen motstander for stor. Du retter søkelyset mot urettferdighet og sabler ned autoriteter på din vei."

Det var vel lovord (og hugs at Michael Moore aldri er knivskarp)!

Klokka var eigentleg svært nøgd no, og "självkänslan" voks fleire meter med kvar oppdaging. Då kunne ho koste på henne ei siste bonustest, nemleg "Hvilken kjendis er du mest lik" - og rekna med å ende opp som ei eller anna glamorøs, stilfull og human stjerne, som til dømes Audrey Hepburn. Her var det den knivskarpe dokumentaristiske tilnærminga leidde til gjennomholing av alle testresultata. Etter ti djupe og inngåande spørsmål som skulle avdekkje kven Klokka no var mest lik av alle kjendisar, fekk ho denne formuleringa opp på skjermen: "Du hadde 4 av 10 riktige!"

onsdag 11. juli 2007

Etterlyst og lovet: Forklaringsbegynnelse

Antiagenturet har vedtatt klokka at hun skal skrive og publisere forklaringsbegynnelsen, nu, rett før dagens antiagenturske GPL. Tante Fiolett spurte om følgende 22. juni 2007 kl. 21. 06:
'Kva er eigentleg eit antiagentur? Har det noko med agent eller ur å gjera?'

Nå kommer den lovede forklaringsbegynnelsen.

Det har ingenting med ur å gjøre, tror klokka. Selv om klokke og ur jo ligner. Men man kann ja nie wissen, som det står, hugget i stein. Men tante fiolett har helt rett i at det har med agent å gjøre. Og det er ikke helt uriktig med ur, heller, selv om klokka sa det. En agent pluss et ur blir agentur. Anti pluss agent pluss ur blir antiagentur. Klokka pluss anti pluss agent pluss ur blir Klokkas antiagentur. Hun vet ikke så mye mer om det.

Forklaringsbegynnelsen var lovet tante fiolett. Klokka undrer på om den ikke like talende for andre var. Man kann ja nie wissen.

måndag 9. juli 2007

Dagens GPL (overhøyrt)

- Trur du ho høyrde meg?

søndag 8. juli 2007

Avislesarar

Eg veit ikkje sikkert om nasebjørnar les Dag og Tid.

Og: Medan vi ventar i spenning, er bestemor nervøs.

fredag 6. juli 2007

Saksopplysning

Hun satt faktisk og plukket steiner ut av oljegrusen.

onsdag 4. juli 2007

GPL

Ny serie: GPL.

Akronym ja, men kva for? Det veit ikkje alle. Mdgvi.

I dagens GPL skal vi sjå nærare på fenomenet ryktespreiing. Korleis avteiknar ryktespreiing seg som mønster på eit kart? Linjært? Eller som ringar i vatn? Eller som usystematiske dryp som ligg som seige, emne, ugjennomtrengelege sirupsflekkar på framande tunger? Eller som sorgmuntre flagrande haustlauv i frisk bris, dansande rundt omkring?

Og erteblomane veks.

tysdag 3. juli 2007

Observert i det siste som ikke observeres hver dag

1. Tjeld
2. Regn
3. Rasputin
4. Padde
5. Måke på hegrejakt