fredag 24. august 2007

Mållaus intertekstuell undring

Min själ,
min darrande själ,
vart går du?

Ein kan jo undre, når ein ikkje søv når ein skal sove, når ein ikkje får skrive det som sit fast mellom hovudet og fingrane, når alt ein ser er graut og alt ein høyrer er sus. Løysing: Uhelsesame mengder kaffi og turka frukt med sjokolade. Korte innslag av te og neter.

Og når ein sit slik og darrar, kan ein tenkje på kor darrande han Simon var då Kristin gjekk frå han, og kor heldig presist namnevalet var frå forfattar slik at lesar heile tida har visst at han ikkje er heilt stødig sjølv om alle meiner han er det, eller kor mange som har darra gjennom tidene heilt generelt, og tenkje vidare at det er sikkert noko ein har misforstått ein stad. Og ein må hugse på punktum.

Godt her ligg eit eple til seinare.

onsdag 22. august 2007

Onomastisk spørsmål

Sidan nokre er så gode på namn, vil klokka gjerne rette eit spørsmål ut i det store. Ein veit jo det at det finst mange namn, og at nokre er rarare enn andre. Orsak. Kanskje ikkje rarare, men ikkje-så-ofte-høyrde og slikt. Klokka tek henne ikkje tid til det politisk korrekte no. Spørsmålet ho alltid har undra litt på, i alle høve sidan ein gong såg på serien Rederiet, er: Kan jækel tyde det same på svensk som det gjer på norsk? Og om så: Korleis er det då å heite Lennart Jäkhel?

måndag 20. august 2007

S&K eft. (Syt og Klag)

Når sommaren gjekk heilt på tverre og hausten tek til på same måten. Når Staten vil ho skal døy og bli borte, og det hjelp lite med protestar. Då verkar surkål som ein dans på raude roser.

Når dagen tek til at ho slår seg sjølv ned på gata og det var ein god start.

Kven skal trøyste klokka?

onsdag 15. august 2007

Onomastiske grunnøvelser

Klokka hadde planlagt en hel serie om såkalt alternativ onomastikk. For alle som ikke vet det, er alternativ onomastikk den delen av navnegranskingen som går mot den forferdelige ensrettingen universitetsonomastikken forsøker å tre nedover samfunnet.

Men det ble visst ingenting av.

tysdag 14. august 2007

GPL, igjen

Når alt ein bed om fører til at ein får det motsette av det ein bed om, og alle som gjev ein det motsette av det ein har bede om, vert fornærma når ein ikkje tek imot det dei gjev.

Klokka kan no, sidan ho av omsorg for alle desse ikkje har sagt nei, ete mykje og drive oppussing. Dårleg utvikling. Det kan ende stygt.

måndag 13. august 2007

Ferierapport

Klokka hadde tenkt å skrive litt om hennar mål for heile ferien. Først må det seiast at ho faktisk ikkje har hatt eller har ferie, av fleire årsaker, og hovudsakleg ei årsak. Men det vart jo, ved sida av meir eksotiske ekspedisjonar (som bileta under viser), endå ein seildukshustur. Det var slett ikkje dumt. Og sjølv om klokka er vonbroten over å ikkje ha kome til valfartsstaden Høyanger i år heller, så må ho seie at mykje trass alt var bra. Til dømes var det ingen som ville tvinge i henne joika-kaker, eller sutra over fråveret av joika-kaker. Alt som var lova henne for sommaren, har ho no fått lovnader om i september, då ho ikkje eigentleg har nytte av det for same formålet, men det har jo ingenting her å gjere. Dessutan kling no september-lovnader ikkje så reint ille.

(Om klokka no verkar forvirra, så er ikkje det til å undrast over. Ho har vore på eit jobbintervju for ei stillling ho ikkje er kvalifisert for, og det heile var prega av meir surrealisme enn den kvardagen ho elles kjenner.)

I alle høve: Medan klokka tenkte på mykje, blant anna på korleis ho skulle få til å kome til Høyanger ein gong i livet, og var ute på tur med Str.34, trefte ho nokon ho ikkje tenkte at ho skulle treffe.

Slik var altså det. Resten av tida gjekk med til andre ting. Etter møtet med gjengen på biletet, og sidan alle i gjengen på biletet var så barnslege, og sidan dei stod mellom henne og Høyanger, føretrekte klokka og Str.34 andre aktivitetar.

No kan det sjølvsagt sjå ut som om klokka var redd.

tysdag 7. august 2007

søndag 5. august 2007

Synkront



Alt man får med seg på en tilfeldig båttur.

laurdag 4. august 2007

Sitatforvirring

I dag var dagen det eigentleg skulle skrivast noko om likskapen til Ludwig Wittgenstein, men det er litt vanskeleg å sjå klokkatrekka gjennom gittervindauget. I staden seier klokka noko om dagens skriving. Det er forvirra tale. Når ein kjem til akkurat det same sitatet to gonger på same sida, og eine plassen står det 'tomleik' og andre plassen 'atomleik', og ein ikkje skjøner kva det eigentleg skal vere. Då kan det vere det same med kommareglar òg.

fredag 3. august 2007

Oppdaging

Tarjei Vesaas les annleis enn klokka skulle trudd ut frå pseudofars parodi og svart kvitt intervjuet med høvdingen sjølv.

(Det er berre å hive seg på P2 kvar morgon 09.03 eller 17.03.)

torsdag 2. august 2007

Flytting

Kontor når ein ikkje har kontor inneber konstant flytting.

onsdag 1. august 2007

Utlufting

Klokka har vore på utluftande ekspedisjon.

Klokka har lært mykje.

Klokka har snakka meir.

Klokka har vorte forkorta.

Klokka har drive med aktiv tåkelegging.

Klokka har Serie?