måndag 31. desember 2007

No er det nyttår

Alle er på farta
heile natta svarta
ingen skal bli kvarta
heller ikkje katta (svarta)

torsdag 27. desember 2007

GPL

"kom til kaffi i dag kl nitten eller fredag kl sytten med nye-familien. vet at eksen inviterer på søndag. fint med svar"

måndag 24. desember 2007

Tjuefjerde luke

No vart det jul att. I år også. Tonane har tona om jul (og slepp til eselet, med). Tyrileggen er så og seie fanga av (i?) zeitgeist. Ein eim av honning og krydder ligg over antiagenturet heilt ned til postkassane. Og sukat er sylta sitrusskal.

(Førstesetningsinnsamlinga held likevel fram, endå om vi no er ved eit mål.)

søndag 23. desember 2007

Tjuetredje luke

Det finst mange gode førstesetningar. Og mange dårlege. Kom gjerne med døme.

laurdag 22. desember 2007

Tjueandre luke

Her vert det ikkje sagt noko. Tjueandre luke står tom. Om ein ser bort frå stadfestinga av tomleiken.

fredag 21. desember 2007

Tjueførste luke

(Mel.: Fader Jakob)

No snur sola,
no snur sola,
snur du og?
snur du og?
heile verda snurrar
heile verda snurrar
heilt konstant
permanent

torsdag 20. desember 2007

Tjuande luke

må finne skjegget må finne skjegget må finne skjegget

onsdag 19. desember 2007

Nittande luke

Rom skal ryddast, klede skal tørkast, golv skal vaskast, boss skal brennast - og gravemaskinen i nabohagen har motorstopp.

Imedan, ein annan stad, står det ein og undrar på kvar det vart av nålauget. Han seier at no er det nok. Om ikkje det dukkar opp snart, så vil han sjå seg om etter noko anna.

tysdag 18. desember 2007

Attande luke


Klokka har snakka litt med katten som varast i garden er.
Katten kunne fortelje at den einaste riktige måten å ete ein karamell på,
er å la han liggje på solvarm skiferhelle
og sidan sleikje han i nedoverbakkeform (jf illustrasjonsfoto).

måndag 17. desember 2007

Syttande luke

Ikkje lim, men


nostalgi

søndag 16. desember 2007

Sekstande luke

Entrepenørskap. Kjøleskap. Azalea og salig Amalia. Strid og tid og flid og mykje dalar ned i skjul.

I morgon: lim.

laurdag 15. desember 2007

Femtande luke

Klokka freistar plan B: arkitektur.

fredag 14. desember 2007

Fjortande luke

Sju pluss sju er fjorten,
kjærasten ventar i porten

fjorten pluss ti er tjuefire
nokon spelar på lire

måndag 10. desember 2007

Tiande luke

Antiantiagenturske begivenheder har lagt hindringer for lukene fem, seks, syv, åtte, og ni. Det ventes videre hindringer også for lukene elleve, tolv og tretten. Antiagenturet kjemper tappert, men er i skrivende stund på vikende front.

tysdag 4. desember 2007

Fjerde luke

Fjerde luke er litt blyg
kunne være den er dryg
men man kan jo aldri vite
kanskje vil den aldri flyte

fjerde luke er en lykke
rett og slett et lite stykke
føtter tasser bort dit fort
bruker støvler ut og bort

måndag 3. desember 2007

tredje luke

var ikkje bortgløymd.

søndag 2. desember 2007

Somme gongar

Frå tid til annan kan lys brenne, fjell lyse kvitt, novemberkaktus bløme - utan at det gjer den minste skilnad.

Andre luke med tillegg

(melodi: bjørnen sover eller gubben noa)


Lyset brenn fint
står der einsamt
lyser opp vår verd
alle er visst sjuke
nokon skriv eksamen
men det gjer vel
men det gjer vel
ingen verdas ting


Tillegg:
Det er også ein idé å syte for straumforsyning til datamaskina, sjølv om det krev at ein utset seg for livstrugande situasjonar undervegs.

laurdag 1. desember 2007

Første luke/Adventskalender (ny post)

Klokka vil no glede eventuelle tilhøyrarar med adventskalender. I dag, som er fyrste desember, kan alle som vil synge ein song. Her er framlegg til song:

(melodi: gubben noa eller bjørnen sover)

Jula kjem snart,
jula kjem snart,
fram frå vinteren
kva skal ein ta til med?
kan ein undre over
over kaffi,
over kaffi
gjennom trallen her.

Nasjonalromantikk



At ligge i grønne enge
og kikke mot blåe fjelle
o - lytte til kuebjelle
nu hvile så riktig lenge