søndag 30. november 2008

"Bli frimerkesamler"

Klokka undrar over dette slagordet som ho fann på eit postkontor. Ho gjorde det ho skulle på postkontoret, trass i postkontoret, og gjekk ut igjen med ei gul designarpose med innskrifta "Bli frimerkesamler". Visst er klokka danna, og veit at frimerkesamling er eit skalkeskjul for alternative motiv, så ho skulle ikkje ha vorte så overraska over postmannen som banka på døra tidleg laurdag morgon.

fredag 28. november 2008

Ordtøkja

"Det er grønare på andre sida av bekken", sa kjerringa og gjekk mot straumen.

Så gjekk straumen, og lysverket sa det ikkje var deira feil.

tysdag 25. november 2008

Udanna lesesirkel

Som det kanskje har kome fram av antiagenturske meldingar tidlegare, hender det somme gonger merkelege ting i klokkalivet. Ofte er desse merkelege hendingane knytt til tilfeldige møte med framande. For ikkje lenge sidan vart klokka utsett for framlegg om å danne lesesirkel. Forslagsstillaren var svært oppteken av zen og motorsyklar, men klokka er av ei anna orientering.

onsdag 5. november 2008

Tjenesten er midlertidig sperret

Antiagenturet har registrert et mulig problem med den maskinadressen (IP-adresse) som du benytter for å få tilgang til Klokkas antiagentur og/eller tautologiske Klokka. Vær oppmerksom på at dette kan skyldes forhold utenfor din kontroll. Prøv gjerne på nytt om en liten stund.

tysdag 4. november 2008

Tirsdag

VAR DAGEN.

agend rav vunsnenn

lokla rav ekki red

måndag 27. oktober 2008

Kvardagsrealisme

Klokka hadde planlagt å skrive forsmedelige ting om hverdagsrealisme. Klokka planla eigentleg noko heilt anna.

Og nu - nu blir det neste tirsdag. Javisst, husk det, neste tirsdag.

fredag 24. oktober 2008

Antiagenturleg

Klokka hadde planlagt ny bloggpost: "Språkrådet kom, såg og normerte eit ord". Men så kom andre tankar i staden.

fredag 10. oktober 2008

Der ein skulle tru

Fredagsnatta tek til omlag som førre natta enda. Mykje vart gløymd i mellom.

fredag 19. september 2008

Vanvittig

Vangen hvisket "Vanvittig var hvilken valfart..". Hva Vangen hvisket visste vennen, hvilken hvisket "Einar eide ingen elbil".

tysdag 16. september 2008

Ny post: NNN

..og det var då det small: NNN (No er det Nok)!

Sjølvsagt kan ein innvende at det innkonsekvent å seie nnn til no er det nok, sidan det heilt tydeleg ikkje er tre n-ar i no er det nok. Men det ville samstundes vere å nekte for at no er det nok. Dessutan er nn noko heilt anna.

laurdag 6. september 2008

Kimer i klokka

Det er berre slik: samanhengane kjem til sist. Før det er det berre episoder.

laurdag 30. august 2008

Refleksiv-kritisk refleksjon (tevling)

No er det laugardag. Lauginga ventar enno. Medan det vert lite med det, sit antiagenturet festa og fjetra ved radioen og høyrer på radio. P2. Der er det no debatt. Antiagenturet har tidlegare høyrd ei av dei stemmene som nett no durer gjennom radioen. Sist gong var i fritt svev gjennom lufta, og då var lydane ikkje som det var no, når det var eit nytt svev gjennom lufta. Førre svev enda med opptørke, dette svevet med ikkje-dialogisk undring. Kva har hend med stemma som ein gong var slik som ikkje no lenger var? Plutseleg endring. Endingar annleise, tonefallet annleis, meiningane ikkje-samse. Osb. (Antiagneturet feller ikkje dom, berre registerer. Og slyngjer det ut i eit ikkje-førehandssensurert nettforum.) Kven var dette? Giss.

(I alle høve var debatten for nokre minutt sidan. Berre til hjelp.)

onsdag 27. august 2008

Draum om hausten

Parapluie-Revel by Leonetto Cappiello
Parapluie-Revel


å verte ein mokkabønne sjølv slik at ein kan bite på fingrane

GPL

No er det på tide å glede trufaste lesarar med meir GPL. Utan at klokka har drive med oppsøkande GPL-leitingsaktivitet har ho no kome over mykje lell. Det vil seie, det (GPL) har kome over henne. Ho har stille og greit observert, registrert og presenterer no fylgjande utdrag frå den siste månadens GPL (omsett til antiagentursk):

Slik gjer alle det også når jorda skal dyrkast. Ser på med distanse og strør ut nokre frø frå vindauget, let att glaset og ventar på ingenting. Det er det som er naudsynt.

Klokka observerer, registrerer og meir til. Fleire rapportar kjem. Vdg.

torsdag 14. august 2008

101 (ute)

no var det gjort. for mykje av alt og for lite av alt. ingen stad moderasjon, den gyldne middelvegen finst ikkje, den går rakt galne vegen.

så var det seinare. endå meir gjort. endå meir for lite av alt og for mykje av alt. heller ingen moderasjon, og boomerangen slær attende og kappar av alt som i vegen står. den som ikkje var gylden, men gjekk råke galne vegen.

no? no.

kva meir kan ein seie?

la konsekvens fare og stig ut

onsdag 6. august 2008

Fiksjonalisme

no kunne klokka nytta plassen og høvet til å seie noko om kva som fiksjonaliserer kvardagen i kva grad og kva som definitivt kjem innunder kategorien førestellingsrealisasjonsfiksjonalisme, men gjer ikkje det. i staden ser ho at det vart ikkje noko neste veke etter førre gong, og at det no er bloggpost nr. 100 i antiagenturet.

ho går ein annan stad og skriv ein liste over andre ting framfor å drive med feiring. men åtvarar alle skiftenøklar: de må berre ikkje tru at de får noko gjennom på det viset!

onsdag 9. juli 2008

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu



Neste veke: Korleis har kokos hatt innverknad i ulike keiserdømme? Og kva seier kamelen til det?

måndag 30. juni 2008

Førebuingar (GPL)

Klokka vert meir og meir oppteken med ting som skal hende i framtida. Det er heilt naudsynt om ho skal vare henne frå dei verste gpl-opptrinna. Det vil seie at ho med opne auge går ut i gpl med begge føtene og står planta der nokre veker. Slik vert det. Nett no er formelen slik:

1 stk nasjonalromantikk (no rasar underdebatten: tradisjonelle lover eller ikkje? Klokka kan opplyse at hardnakka tradisjonalistar oftast veltar all tradisjonalisme til sides dersom dei av ein eller annan grunn skulle meine at deira estetiske kjensler veg tyngre enn tradisjonen, og det gjer dei (kjenslene) oftast der tradisjonen kjem i vegen for deira (tradisjonalistane) eiga estetiske kjensler. Ein kan også uttrykkje det omlag slik: Tradisjon er eit vinnarargument over alle som syner ei avvikande estetisk overtyding i samanhengen, og der ein ikkje kan syne til betre estetisk sans på generelt grunnlag.)

1 stk grådress som nett no er i ivrige interne diskusjonar kring både det eine og det andre

1 stk uviss nasjonalromantikk som ikkje let seg overtyde om noko som helst. Den estetiske drakampen her er heller ikkje enkel, etter di han avheng av andre diskusjonar også og til sjuande og sist antakeleg vert til ein duraberleg overkøyring av alle involverte. Men det gjer vel ingenting.

1 stk dekorskjema. Underdiskusjon: Er det mogeleg å sjå bort frå normative tradisjonar her når ein så openberrt har gjort det i dei tre punkta som er nemnt over? Her kjem tradisjonalisme vs. eigendefinerte estetiske parametre inn for fullt att. No når det syner seg at det truleg ikkje vert semje i frågan, går det heile i retning av gråtekoneinnhyring og utspekulert manipulering av ekte hønsegard-slag.

1 stk plan für das essen. Her var alle tradisjonalistar overraskande lett å røre på, men det tyder at boomerangeffekten kjem til å slå til for fullt om kort tid. Til dømes når det gjeld det frykta *fellesprogrammet* som tydeleg kjem til å verte diktert frå verste antiagenturske sensur.

vdfpa

tysdag 24. juni 2008

Store spørsmål

Klokka var i ferd med å spørje puristen om noko, men gjorde det ikkje. Ho tenkte henne om i det ho nesten stilte spørsmålet. Då klokka har vore ei tid i eksil, har det samla seg opp store spørsmål som eigentleg har vore i lufta heile tida. Det var meininga å spørje i går, men det vart ikkje til. Det store spørsmålet er altså: "Kva tyder 'eit par dagar'"? Er det to dagar? Eit ubestemt tal dagar som er meir enn ein dag, men mindre enn ti? Er eit par alltid to, eller finst fleire par? Kva med fiskar? Kva tyder eit par fiskar? Eller eit par fiskarar.

No står det to pingvinar på bordet og insisterer på snarleg svar. Ein av dei ivrar slik at han ikkje tek tida til å tørke smular bort frå snuten. Nei, han har ikkje nebb. Men handemakt.

fredag 20. juni 2008

Eksil


Sjølvportrett av Klokka i eksil.
Eksil. Gerüst. Gjennomboring.

søndag 15. juni 2008

Sensur (med vedtak)

Etter lang tids overveielser og drøftninger foretatt i forbindelse med styreturer til og i inn- og utland, har sensuren tilnærmet falt i denne saken. Det meldes herved at klokka anmodes om å ihukomme det av 20.06.2007 formulerte vedtak og den opprinnelige formålsparagraf s.å., og dessuten forholde henne sterkere til melding av 04.07.2007. Deretter må hun vurdere hennes hittil virkende bloggforetak som mislykket eller vellykket eller middelmådig, og ta stilling til følgende:

1. gjenoppta hennes kryptosemantiske innstilling til mediet, eller
2. vurdere hvorvidt hun i det hele tatt noen gang igjen skal la sensurat inntreffe i slike former, eller
3. alvorliggjøre truslene fremsatt internt i styret som for øvrig er henne ukjente.

I tillegg minnes det om følgende sitat fra forhenværende år:

"Ditt liv er en knivskarp dokumentar. Ingen sak er for liten, ingen motstander for stor. Du retter søkelyset mot urettferdighet og sabler ned autoriteter på din vei" (+ den ukrainske hesten (også fra samme år)).

Dersom det skulle komme kommentarer til dette som ikke vedkommer klokka, vil det bli betraktet som ytterst. Innerst, derimot, vil det også heller ikke kunne bli.

Vedtak: Klokkas antiagenturske aktivitet kan gjenoppstå etter 18. juni av dette år, forutsatt overnnenvte punkter. Og ellers noen andre.

laurdag 12. april 2008

Antakeligvis trojaner

Det ser ikke ut til at du er invitert til å lese denne bloggen. Hvis du tror dette er feil, kan du kontakte bloggforfatteren og be om en invitasjon.

torsdag 13. mars 2008

And now to something completely different

Since Klokka still is effectively barred from her own blog, she is trying to surpass the sensorship by means of foreign language. This may or may not work. She is not certain. She tries.

Henceforth it shall be known that she is working hard at all she must, and knows that she is under surveilance and evaluation at all times. She has no comment on this particular fact. Were she to suddenly be freed from the surpressing abstract dictatorship under which she is currently subjected, the world would learn by this unexpectadly and unknowingly.

The apparent contradiction is, by nature, a tautology.

tysdag 11. mars 2008

Femtesides-VM eller Nestbeschmutzer

The Times, Monday March 10. 2008, page 5:

British humour scored one significant victory yesterday with news that a long-running comic series about the wartime occupation of France has been sold to a nation with a reputation for being among the most humourless in Europe. After years of hammering at a closed door, the BBC has finally sold 'Allo 'Allo to the Germans.


Hurtz!

torsdag 28. februar 2008

Himmelrømd

Klokka har vorte utsett for kritikk (jf. utdrag: 'sensasjonslysten sitter i tastene', 'adversativ konvergens kontribuerer ikke til illuminasjonspromotion blant det allmenne publikum', 'kaleidoskopisk uten utsikt', osb.).

Antiagenturet nedsette difor ein komité for ei tid tilbake. Klokka har fått publiseringsforbod inntil vidare.

Antiagentursk overkommando har vedteke å publisere berre bilete i karantenetida.

Ein ventar at vurderingskomitéen vil ha utgreiinga klar på eit tidspunkt, og då vert antiagenturske antiagentar innkalt til allmannamøte med tittelen 'Vedrørende Klokkas publikasjonsskikk'.

Alternativt vert ikkje utgreiinga klar, og antiagenturske antiagentar får problem med å nå fram til Antiagentursk overkommando.

Antiagentursk overkommando har vurdert saka på nytt, og finn at ingen bilete vil bli publisert i karantenetida. I staden vil all tekst bli reinska for vokalar.

krptlgr vrt tlstt _ tnst fr dschffrrng v tkst nntl vdr

søndag 24. februar 2008

Intensjonane

Hest, kamel, elefant, dromedar, esel, muldyr, delfin, okse, spekkhoggar, sjø. Inspirasjonen sit i knutar. Alt det obligatoriske. Intensjonar.

fmsbwtözäu
pggiv-..?mü

(plagiat)

tysdag 19. februar 2008

Om mangt, men ikkje så mangt (jf. tidlegare innlegg)

Nokre gonger er det, som kjent, ikkje nok å ha gode intensjonar. Slik er det også med alle former for antiagenturitet. Nett no, til dømes, når dette vert skrive, er klokka ein heilt annan stad enn ho til vanleg ville vere på denne tida. Men det gjer vel ingenting. No skal ho likevel snart røre på seg. Til ein annan stad ho til vanleg heller ikkje ville vere på den tida det då vert. Og medan klokka skreiv desse ord, har ho teikna ei oppned-paraply-dame og ein lyn-sky-struts, som ein annan antiagent sa berre var fantasien til ein engel, og at strutsen sjølv skaut ut pangpangpangar (framleis i engelfantasien/englefantasien).

tysdag 5. februar 2008

Autobiografisk eutanasi

Å lage sjølvportrett i snø laurdag ettermiddag.

laurdag 2. februar 2008

Vintersnødikt

klokka hadde fleire framlegg til dikt, men dei gjekk ikkje gjennom antiagentursk sensur. også klokka vert ramma av slikt. og ikkje vart dikta refuserte grunna dårleg kvalitet, sånn eksplisitt, men grunna 'uforståelighet'. altså var dei langt over streken.

merknad: det er det berre sensuren som forstår.

til alle andre: dikt alt de vil.

tysdag 29. januar 2008

Dementi

Eigentleg vart det ikkje slik likevel. Men det gjer vel ingenting.

Noko heilt anna

Sjå på dette. Det er heilt annleis enn alt som har vore.

torsdag 24. januar 2008

Værmelding


Stilkeleveranser ventes om ikke lang tid. Vdg.

tysdag 22. januar 2008

Månelandskap


Klokka må springe. Men når det er sagt, må det straks leggjast til at mykje hadde vore annleis om ikkje nokon hadde vore på ein eller annan måte på feil hylle.

fredag 18. januar 2008

Siste nytt frå fronten

200 soldater kjempet en innbitt kamp mot klokka da garnisonsmesterskapet i feltidrett gikk av stabelen denne uka.

torsdag 17. januar 2008

Gode råd frå Datatilsynet

Med jamne mellomrom skal ein google seg sjølv for å sjå kva som ligg der ute i den store veven om ein sjølv - og slik sikre at ingenting upassande ligg der. Har visst Datatilsynet rådd mange til. Alle står fritt til å google både antiagentur og klokka, og rapportere kva for treff ein då får. Klokka er oppteken av andre ting nett no.

Til dømes: Å kjøre trettiårskrig. Dessutan: Det er lenge til etter tretti år. Lukke til, alle kattar.

torsdag 3. januar 2008

Ut å søke tjeneste



- All qualified candidates are encouraged to apply; however, permanent residents will be given priority. I encourage applications from qualified people, visible persons and women.

tysdag 1. januar 2008

Nytt år

Eit nytt år, og antiagenturet er ikkje lenger berre av året.