onsdag 25. februar 2009

Test

Klicka på önskat område för yrkesförslag
Teater, musik, film
Bild och form
Informera
Utreda, planera, förhandla
Experimentera, forska
Konstruera, mäta, rita
Köpa, sälja, marknadsföra
Undervisa, instruera
Ge råd och stöd
Hantverk
Personlig och administrativ service
Bygga, anlägga
Vårda, behandla
Industriell tillverkning
Laga mat, arbeta med livsmedel
Djur, växter, lantbruk
Data/it
Miljövård, hälsoskydd
Montera, reparera, installera
Friskvård och kroppsvård
Köra fordon
Bevaka, skydda

laurdag 21. februar 2009

Ugjennomskuelig

Klokka sitter på kjøkkenet mellom store slag. Hun kontemplerer.

Klokka sit på kjøkkenet. Mellom store slag. Ho kontemplerer.

Inbetween great battles Klokka sits in the kitchen contemplating.

In zwischen
¨
¨
ablativus absolutus

tysdag 17. februar 2009

Klokka undrar på kva ho skal verte

Eller: Klokka undrar på kva det skal verte av henne.

I desse dagar er det mange tankar som sviv rundt. Klokka grublar, rett og slett. Det er ikkje reint uvanleg i seg sjølv: Grubling er ein grunnleggjande antiagenturleg dugleik. Klokka har svært høg gruplekompetanse. Tema for grublinga denne gongen er, som tittelen indikerer, kva ho skal verte, eller, som omformuleringar ymtar om, kva det skal verte av henne. Rett ut sagt veit ho ikkje, men ho kjenner at spørsmålet vert meir og meir trugande og er i ferd med å fare over henne med alt det fælslege slike trugande berghammar-spørsmål ber med seg. Altså må ho freiste å i det minste slå berghammaren på målstreken - det er det minste ein kan forlange. No snakkar ho henne bort. Ny start:

Klokka står ved eit vegskile i livet. Ho skjønar at ikkje alt kan vere som det har vore, og at ingenting er som det skal vere. Slikt må ein ta konsekvensar av. Klokka kunne tenkje seg å ta ein "kva-skal-du-verte"-test eller "kva-høver-du-best-til"-test. Men ho har enno friskt i minne at ho eigentleg er ein ukrainsk hest som heiter Sunniva og bur i Stavanger (meir om dette 16. juli 2007 for dei som ikkje måtte ha det same friskt i minne), og tvilar på at ho på eiga hand kan kome fram til informative testar. (Og dersom nokon skulle lure heiter ho korkje Sunniva eller bur i Stavanger. Eller er ein firbeint ven frå Ukraina.) Klokka må altså endå ein kveld gå til ro med livets stora frågan surrande rundt. Og rundt.

Intimitetstyrraniet til side: Klokka noterer henne at den store undersøkinga om sparegrisar som ho gjennomførte for ei tid sidan, sanka stemmer til både det eine og det andre. Ho skal vurdere å lage ei eiga undersøking som tek sikte på å avdekke tidlegare løynde eksistensielle sanningar i næraste framtid.

No har ho sagt for mykje.

Utkast automatisk lagret på 23:07

(Sjølvsagt var det lenge etter at ho burde ha sovna.)

Utkast automatisk lagret på 23:09

(??)

torsdag 12. februar 2009

Siste nytt frå kaldfronten

Det heng ikkje på greip, og noko heng i lause lufta. Tenke seg til, sa øksa og helste på skaftet. Obduksjonsrapporten synte at nasen hadde vore nytta som fiskestang.

fredag 6. februar 2009

Klokkologisme


Ein kan ikkje kome til noko utan å røre på seg.

(For dei som måtte meine å ha høyrt noko liknande før, så stemmer det. Det er berre det at ikkje alle veit det likevel.)

tysdag 3. februar 2009

Ikkje ein gong Klokka veit

Tida er no inne for å ta seg skikkeleg saman og ta stilling til den jätte stora frågan: Kva er den beste sparemetoden? Spring til urnene! Ho seier det berre ein gong.

Bøttn seier (om noko heilt anna): "Han må ha vært umoden, hvis han ikke allerede var blitt råtten". Ikkje ein gong Klokka veit.