torsdag 30. april 2009

Altet

Klokka sit og slavar, ser opp, og skjønnar brått at flokken (ho sit i) spring mot stupet. Kva skal ho gjere? Ho ser ned att, tenkjer følg berre på, vengene kjem nok i tide.

(Stryk det)

Paradoksalt

Gjev inga meining. Då kan det heller ikkje vere slik.

(Stryk det også)

måndag 27. april 2009

Observasjon

Klokka tykkjer noko er annleis i høve til før.

laurdag 25. april 2009

Nye tider

No har noko hendt i klokkaheimen som fører til nye tider. Nye tider gjer meir mogeleg, og meir mogeleg tyder mindre tid. Kvar skal det ende? Kva skal no hende? Klokka sig ned og kjenner henne utmatta og oppmuntra og tvilar på den generelle livsdugleiken som er naudsynt for det eine og det andre, men no har ho akkurat messa om slikt, og gjer det ikkje på nytt att her. For å oppsummere kan ein seie at mykje vert som før. 

tysdag 21. april 2009

Avsløring

Klokka kan avsløre at den antikvariske erkjenninga av at ikkje alt er som det verkar, stemmer.

tysdag 7. april 2009

Logg inn

klokka vart kasta ut to gonger i dag då ho freista å logge på blogg. ho tek det til etterretning, og held hovudet lågt resten av dagen.