søndag 28. juni 2009

Anitagenturet rasar

Antiagenturet rasar mot så mangt.

Antiagenturet vil med dette gjere det heilt klart at det finst mykje å rase mot.

Antiagenturet vil leggje til at det finst også mykje anna å rase mot, som antiagenturet enno ikkje har fullstendig oversikt over.

Antiagenturet vil såleis gjere det klart at rasing har ein plass i delar av generell antiagenturleg verksemd.

Antiagenturet vurderer tiltak.

(Jf. NNN.)

torsdag 25. juni 2009

Klokka tek stilling

Som medlem i den "fremadstormende yngre garde" som stendig vert eldre, må klokka etter høveleg tids overveiing av ulike perspektiv (som ein med tvisyn sjå kan) seie at det er på tide å stilling take.

Og ete kake.

tysdag 16. juni 2009

Tunnellen

Nett når ein er nesten nøgd og trur at alt er nesten greitt, syner det seg plutseleg at mothaken er i ferd med å feste seg djupare enn ein nokon gong skulle tru at nokon kunne bu. Kort og kontant.

Nett når ein er nesten nøgd og trur at alt er nesten greitt, syner det seg plutseleg at mothaken er i ferd med å feste seg djupare enn ein nokon gong skulle tru at nokon kunne bu. Kort og kontant.


måndag 1. juni 2009