måndag 26. oktober 2009

Tru

somme gonger trur klokka at no må botnen vere nådd.

torsdag 15. oktober 2009

Song for deg og meg

O du store min,
kva skal skje?

O, herlege hus,
materialiser!

O, smektande tonar,
kom fram frå krik og krok.

O, no nærmar det seg jommen,
det eine og det andre.

tysdag 6. oktober 2009

Audmjuke rosa elefantar

...dansar over feberhete panner medan regnet solar seg i lyden av sprengingvarselet. Andre gongar er det kyrkjeklokkene som blandar seg med tinitusen til fulle kamelar utanfor hageporten til naboen som alltid køyrer fløytande vaskemaskin til arbeidet på øya utanfor fastlandet.

(Mellom anna døme på bruk av preposisjonar som markerer tilhøvet mellom ord og ledd i setningar.)

torsdag 1. oktober 2009

Jubileum

Klokka vurderte å uttale henne om Anna Anka. Eller om jenta som i går viste bussjåføren som køyrde frå haldeplassen før ho var komen fram dit ein uvenleg gest. Eller om ramnane som bråkte i skogen i dag.

Ho har vurdert ferdig.

Maxim F. Poltingbrooke var - etter lova - ein bigamist.