tysdag 16. november 2010

Andletet er det same

alle som har vore innom dei siste dagane, har kanskje undra seg over kvar klokkaandletet var. ei lita blå rute med eit spørjeteikn er ikkje det som plar prege klokka. ein stund i går og tidlegare i dag var eit surrogatandlet der ein skulle tru ein ville møte klokka. no er andletet attende. og det same.

ein gong klokka, alltid klokka.

måndag 15. november 2010

Ei tid for alt

av alle mogelege opningar for galskap er no ei utvalt for den komande tida, og ei anna for tida deretter. det er ikkje måte på kva som kan drive ein ut i slikt uføre. det er best å skru av maskina og ikkje seie meir.

måndag 18. oktober 2010

Å kunne (utsegn)

Å kunne er noko som frå tid til anna er mangelvare. I så mange samanhengar. Klokka har nett surfa nettaviser. Der er det mykje ukunne. Ser ho endå ei overskrift over mønsteret "Se xx på vei til yy" eller "xx klar med ny zz ", som er vanlege strukturar sjølv i seriøse avisar om seriøse tema, er ho ille ute. Totaltabloidisering og funksjonell fiksjonalisering av røyndom(srepresentasjonar) under falskt flagg.

(Klokka klang.)

(Utsegna: Det går framleis ad undas.)

måndag 27. september 2010

..ein skulle tru

stikk i strid, altså. stikk i strid med det ein kanskje skulle tru, er klokka framleis i vigør. fleire har undra over kvar ho har vore. om ein skal tale sanning, må ein nok nemne at klokka har drive utbreidd spaningsverksemd i sommar. mykje er oppdaga. tidleg haust har gått med til informasjonssortering og generell sakshandsaming. og no? eit vasskilje.

tysdag 17. august 2010

GPL Revisited

Når containaravhending skaper trafikkork og ingen kjem på visninga og monstra sit på teikningane.

Og vêret er nokon lunde og fiske framleis ikkje er på land.

Og vekkaruret som går like bestemt og fører ein inn i straumen. Og ingenting skal likevel gå opp i saumane.

Hadde ein berre visst sikkert kva som var mynta på containaren og kva som var riktig hylle.

måndag 9. august 2010

Kringlegris

Kringlegris er når nokon har kringla det slik til at det anten ikkje liknar grisen eller liknar grisen.

Berre spør om det er noko.

måndag 2. august 2010

Å2

Åhh - å gløyme frå i vår kor lurt det er å ha sove nok. Å.

fredag 28. mai 2010

Desperasjonssjokkeleganse

Ååå - endeleg Rameau til eit volum som er akseptabelt. Å undre seg over kvar fløyelen og silka er. Å kjenne dirren. Å sjå etter steingolvet. Å vente på amma. Å late lyden overta. Å sjå seg om etter slepet. Å speide etter eit heilt dyr på grillspyd. Å flimre med auga. Å halde pusten under korsettet. Å. Åååååå.


tysdag 11. mai 2010

Bill.mrk.: Svar til filologen

(For nye lesarar: Filologen kom med eit utspel i denne spennande følgjetongen, og Klokka svarer:)

Buerie iehkede. Im leah datnem aarebi vuajneme. Datne iktesth diekie vaadtsah? Datne leah gielhtegs almetje. Datne gåaloeminie? Sijhth prithjegem? Njaelkies lea. Viedtjh tjaetsiem.

måndag 10. mai 2010

Heilt kanon

Ein kan syngje kanon, lese kanon og skyte kanon. Og alt dynamisk.

Hadde no berre stiftemaskina vore der han plar vere.

torsdag 6. mai 2010

Underleg

Ein kan undre seg over kvifor oska (lydleg) er oske på eit språk og torevêr på eit anna.

tysdag 16. mars 2010

Det var ein gong tre hippar som skulle over ei bru. Den største Hippen gjekk først. Han kom seg godt over brua, sjølv om han høyrde skumle lydar under seg. Så kom den mellomste Hippen. Han høyrde dei skumle lydane og skalv medan han forta seg over brua. Då han var komen vel over, var det den minste Hippen som skulle over brua. Han visste ikkje kvifor han måtte over, og han hadde sett på brørne sine at dei hadde vorte skremde av noko. Difor var det ikkje fritt for at han kvia seg litt. Men, tenkte han med seg sjølv, ingen vart store og sterke av å sitje å vere redd. Han la i veg, best han kunne, og nærma seg brua. Men der, akkurat når han var på veg over og den skumle lyden var mogeleg for han også å høyre, ropte einkvan "Freeze". Den minste Hippen kunne ikkje anna enn å stivne der han var, så vidt utpå brua over den skumle lyden. Og har ingen late han gå enno, ligg han der enno.



tysdag 9. mars 2010

dementi

det var ikkje meininga, og det var heller ikkje med vilje, og det heile vart annleis enn nokon på førehand kunne ha tenkt seg. årsaka ligg nede for teljing, men i det heile vert det mindre å gjere når berre betalinga for smøret er på plass. bjørnen har for lengst mista skinnet. det er i det heile mykje å be om orsaking for.

torsdag 25. februar 2010

170

I dag har vore ein dag blant dagar. I morgon vert atter ein dag blant dagar. I går var også ein dag blant dagar. I dag skulle ein ha gjort noko ein ikkje gjorde, det som ein ikkje gjorde i går men skulle ha gjort før i morgon. I dag var ein dag då alt som hende ikkje faktisk hende, men alt berre gjekk, slik berre bestemorsur går.

Og enno var det noko ein skulle ha sagt, ei historie skulle vorte skriven eller i det minste fortalt, men det store tomrommet, det svarte holet, gjorde seg gjeldande og saug bort alt som var eller kunne ha vore slik at det ikkje vart. Så var det mørkt. Både i det svarte holet som saug alt til seg og slukte det slik at alt forsvann og utanfor det svarte holdet som saug alt til seg slik at alt forsvann. Ingenting var att.

Berre historia som ikkje vart fortalt om katten som stirte på den andre katten og den osteetaren som sa at nei, det fanst ikkje ost der, ein fekk heller klare seg utan, sa osteetaren mellom munnfullar av ost, og dessutan kjellargravaren som tenkte at å grave er alltid ein framtidsretta handling og toga som gjekk att og det ein glemte i butikken som ein ikkje hadde lov til å gløyme, og så var det brått innlegg nr. 170, utan at innlegget var det innlegget skulle ha vore, det var faktisk ingenting, men kanskje kunne det ha vore noko dersom Klokka berre hadde oppdaga menneskelege trekk i havet i staden for i bergveggar, men det ho skulle seie noko om var tomrom, slike tomrom som det svarte holet som eter materie og kanskje faktisk berre er ein rullekoffert som rullar nedover brostein midt på natta i ein mørk gate medan han sug til seg ting han kan sluke heilt fram til han har vakse til eit stort svart hol i universeg og slukar planetar og framfor alt gustav holst og så kjem møbeltapetseraren og vil ha stripar på sofaryggen medan han ikkje skjønar at det alt er for seint, og at ikea for lengst har teke over verda, trass i at innlegg nr. 170 til det meisterverket det kunne ha vore, men vegen er lang


måndag 18. januar 2010

spire

dagen som kom og dagen som gjekk. ikkje visste nokon noko. ikkje vart det det eine, og heller ikkje det andre. songar vart ikkje sunge, brev ikkje skrivne. enno er det langt til vår.

laurdag 16. januar 2010

Klokka kunngjer at


natta er framleis lang. Dagen er enno kort. I tida mellom natt og dag, eller dag og natt om ein vil, er det korkje dag eller natt. Heller ikkje datt eller nag.


Når ein som minst ventar det, kan transitten ha inntreft.



onsdag 13. januar 2010

flokk

mykje kjem i flokk.

tysdag 12. januar 2010

Godt nytt år

Betre å ta det tidlegare slik at det ikkje vert for seint.