fredag 21. desember 2012

Melding

Innlegget som ble 21:21:00 har desverre ikke matchet kvalitetsindikatorkravene som styret har satt opp for denne virksomhet, og blir med umiddelbar virkning derfor trukket tilbake fra markedet før det kan slippes, for å unngå den blamasje det ville være med en slippfest som kunne trekke oppmerksomhet til denne virksomhet uten at kvalitetsindikatorkravene ugjenkallelig og ubestridelig er trygt ivaretatt og imøtekommet på det vis man måtte kunne forvente innenfor denne virksomhet. Styret må nå studere kjennsgjerningene og vurdere om en karantenetid skulle måtte drøftes eller kanskje iverksettes, dersom den allmenne anstendighetsfølelse skulle kunne tenkes å være utfordret. Styret kan ikke kommentere denne saken ytteligere, og henviser til virksomhetens formålsparagraf for andre henvendelser.

onsdag 31. oktober 2012

Når regnet regner

Når regnet regner,
regner regnet.

Når regnet regner,
regnes regnet.

Når regnet regner,
regn.

Regn.

tysdag 23. oktober 2012

Medan vi ventar på resten,

har Klokka teke steget over i ein ny eksistens. Flerfoldigheten vil ingen ende ta. 

(Både hovudmål og sidemål på ein gong, for dei som måtte lure.)

måndag 10. september 2012

[...] kommer resten, så kan vi begynne festen.

Og vi ventar framleis på kunngjeringa om kva tid resten er her.

laurdag 25. august 2012

Sjokk

Ulike ting kan føre til sjokk. Sjokk kjem gjerne når ein minst ventar det. Sjokk merkar seg ut frå andre typar overraskingar gjennom ein sterk fysisk reaksjon på det inntrufne. Når det ikkje er tale om ein medvitslaus tilstand, nyttar ein termen om ei "ovstor skaking eller uventa påkjenning". Klokka har nyleg utsett seg sjølv for ei handling som førte til eit slikt sjokk. Og ho kan ikkje skulde på andre, på manglande medvit eller noko som helst anna enn tankeløyse. Eikvan annan hadde gjerne ikkje reagert med sjokk. Det er eit faktum at ulike ting eller handlingar påverkar ulike menneske på ikkje-identisk måte. Og det er også eit faktum at dette faktumet har liten eller ingen innverknad på reaksjonsmønsteret til menneska. Slik utan vidare.


laurdag 18. august 2012

Sanning

Det kan vere anstrengande å kaste bort tid, men treng ikkje vere det.

onsdag 25. juli 2012

Membran

No og då kjenner ein vekta av universelle problemstillingar som tvingar ein til ransakande konfrontasjonar anten med noko fiktivt eller noko ikkje-fiktivt, utan at problemstillingane sjølv verkar å vite om dei er fiktive eller ikkje-fiktive endå om dei framstiller seg som universelle, utan at det i seg sjølv på noko vis treng vere ein motsetnad mellom fiksjonalitetsstatus og universalitetsstatus, og den eventuelt framtvungne ransakande konfrontasjonen får uansett skin av fiksjonalitet, sidan fiksjonalitetsstatusen ved det konfronterte ikkje kan stadfestast som klår, uavhengig av universalitetsspørsmålet. 




onsdag 4. juli 2012

Og reven raskar framleis

Ein vil tru at reven raskar framleis. Om ikkje over isen, så nesten sikkert over eitkvart anna.

tysdag 26. juni 2012

Mellomkast

Man hører sjelden om mellomkastene, og enda mindre om mellomkasterne. Det er sannsynligvis ikke et heldig tegn.

måndag 25. juni 2012

Å gå i seg sjølv

Når nettene vert korte, og varmen uteblir, då seier altså Klokkamor til Klokkasjølvet: Lat oss no gå sjølvransakande til verks og gjere opp status for eigen bloggverksemd. Men det er lettare sagt enn gjort, sidan bloggverktyet har endra seg noko i den siste tida og Klokka enno ikkje heilt gjennomskodar Endringanes Velsigning.

Men sjølvransakingas ande driv ein vidare. Etter intens sjølvobservasjon, kan Klokka konstatere at Klokkas antiagentur har etablert seg som viktig lesnad for menneske i minst sju land. Det som verkeleg har oppteke folk, er jamstillingsvedtaket. Men det er også truleg det einaste punktet Klokka har vore nærast å verte politikar. (Ein kan jo sjølvsagt berre vere nærast på eit punkt, dersom ikkje ein nærmar seg det ein vil være nærast frå fleire punkt på ein sirkel i høve til eit sentrum. Då følgjer det at fleire punkt må vere nærast.) Fagre ord, vakre visjonar, store planar, stor svikt. Svikt. Svikt. Svikt.

Her er det viktig å gå i seg sjølv i framtida og evaluere kvifor  utviklinga ikkje gjekk der ho var venta å styre i retning av, og ein kunne vurdere å setje ned ein kommisjon som kunne analysere dei uteblitte synergiane som kunne ha kome av eit slikt prosjekt og deretter levere eit offentleg dokument, som ein kunne sende ut på høyring til mange organ, sjølv om det jo, som kjent, berre er øyre som kan høyre, og ikkje til dømes lever eller nyrer, sjølv om ein somme tider kan undre på om ikkje hjarta også kan høyre. Men ein ville vel like lite sjå for seg lyttande auge som (og det fører Klokka fram til følgjande spørsmål: Kor mange organ har organismen mennesket? Og kor mange organ har eit orgel? Kan ein reiskap vere statisk? For kvifor er vi så raske til å ta ein etat for eit organ og motsett? Kva er eigentleg høvet mellom statisk og statistikk? Og allereie no kan Klokka seie at nettene, til forskjell frå førre veke, vert lengre enn før. Det - også - kunne ho ha sagt før. Men altså like lite sjå for seg faktisk lyttande augo som) ein for eigen maskin symjande innbakt flyndre.

tysdag 19. juni 2012

Om jul heile året

Og jula varer heile året, og det er fullstendig sant, for nissen fauk forbi, og hadde med seg fire reinsdyr.

Og jula er no heilt avskaffa, og det er fullstendig sant, for nissen finst ikkje, og reinsdyra er oppå fjellet.

tysdag 5. juni 2012

Dagen i dag

Dagen i dag kom etter dagen i går og før dagen i morgon. Det burde vere innlysande, og kjennest som ei oppattaking.

måndag 14. mai 2012

Alt som tenkast kan

Klokka klang og alle sprang og nokre sang og mai er lang og vegen trang og koret ikkje her.

måndag 30. april 2012

Klokka slår eit slag

Tida går og går, og Mayakalenderen nærmar seg slutten, som mange ser ut for å meine er eit uttrykk for at verda går under i 2012. Lite kan som tanken på Den Store Apokalypsen drive ein inn i religiøsiteten. Klokka slår difor eit slag for god gammaldags tekstlesing. I dag: Ordtøka 21. 5: Det den annsame tek seg føre, gjev vinning, men hastverk fører berre til tap.

Då er alle med dette åtvara mot å rekne med at mayaistane har rett og at ein risikofritt kan dekadensere seg fram mot vintersolkverv.

At Klokka så ukarakteristisk maner til åndeleg jamvekt, skuldast naturlegvis at ho kort, men forbigåande, vart skipla av trugsmåla ein slik mogeleg realitet i praksis utgjer, og difor, i tråd med lange tradisjonar i vestlandske fjordarmar, greip etter Teksten for eit Trøystens Ord. Ho reknar med at det er til hjelp for fleire. Dersom ein engelskmann slumpar til å lese innlegget, må han sjå til at naboen får ei omsetjing slik at han (naboen) kan lære noko av det. 

tysdag 17. april 2012

Å skrive dikt (har skrive dikt)

Klokka har teke det for seg å skrive eit dikt. Det skal ikkje vere eit tulledikt, men eit autonomt kunstverk som kan stå på eigne bein, og som skal gjere akkurat det, stå på eigne bein, og skal vere formfullendt samstundes som det er fylt med og fullt av uutgrunnelege uudsigeligheder.

Klokka har skrive dette diktet som er skildra over. Det er ikkje eit tulledikt, men eit autonomt kunstverk som står på eigne bein og er formfullendt samstundes som det er fylt med og av uutgrunnelege uutsigeligheder.

I tillegg har Klokka i dag hatt problem med å treffe v- og b-tastane.

torsdag 5. april 2012

Om grenseløyse

Grenseløyse er når alt flyt og ingenting held seg innanfor rammer eller ser at det kunne finnast rammer som kunne inngrense flytinga og slik danne eit skilje til noko anna. Grenseløyse er når noko og noko anna ikkje lenger let seg kjenne att som noko og noko anna, men verkar flytande og likt. Grenseløyse er når noko inntar slike dimensjonar at ein ikkje kan sjå konturane kring det eller høyre om at slik konturar finst.

onsdag 4. april 2012

Beretning om kommunikasjonsvekkelsen som hjemsøker vårt land

  • Kommunikasjon = Nerveoverføring
  • Relevansanalytiske prosesser = System Error. Reboot System or Contact Administrator.
  • Administrator = Contact Reboot Assistant. Host Unknown.

måndag 19. mars 2012

Om setningars preferanse

Kanskje ikkje ein gong setningar liker å henge i lause lufta.

onsdag 14. mars 2012

Når (tverrspråklig)

Når nettene blir lange, setter også kulden inn.

Kvar gong når eit eventyr om troll vert lese på Austlandet, snur eit troll seg i senga i Dovrefjell.

Når du bussen?

Når kyra først er komne, kan vi alltids mjølke dei.

Når du nå en gang er så fiendtlig innstilt til å vaske gulvet, får du heller vaske gulvet.

torsdag 1. mars 2012

Kinderegg

Klokka har teke det for seg å avdekke at kindereggstrukturen finst i meir enn sjokolade. Denne gongen:

Refleks

Fysisk reaksjon utløyst av påført stimulans. Nerve-, ikkje viljestyrt.
Dinglande brikke eller meir stabilt band som kan festast på objekt eller subjekt.
Noko som vert/er kasta attende mot eit utgangspunkt utan at kunstig viljestyring er involvert.


måndag 27. februar 2012

Refleksjon revisited

Det er så mangt ein kunne seie. Skulle einkvan ville at eit utval av alt dette som kunna vore sagt skal seiast, er det lita hjelp i å teie.

torsdag 23. februar 2012

Refleksjon

Frå tid til anna er det betre å ikkje seie så mykje, men vende blikket innover og vente. Når ventinga er over, er ikkje godt å vite.

fredag 17. februar 2012

Sjølvrefleksjon

Klokka. Heilt kanon.

tysdag 14. februar 2012

Vegmeldingar

Klokka har vore ute på vegane i det siste. Her er kva ho har observert som var utanom det vanlege:
  1. eit grått teppe
  2. ein rev
Både teppet og reven var knytta til bilar på måtar dei helst ikkje skulle.

(Ingen kom til skade under desse passive observasjonane, truleg.)

måndag 6. februar 2012

Fleire falske vener

Høgrearm og venstrearm når den eine lir av identitetsforvirring.

torsdag 2. februar 2012

Falske vener

Kval og kalv. Så like og likevel så ulike.

Fanfare

Tatatataataaaaa

torsdag 26. januar 2012

Mellomspel

Spelet mellom forspel og etterspel eller mellom andre spel, til dømes første og andre spel, kallar ein gjerne mellomspel. Ideelt sett skulle mellomspelet føre til eit neste spel slik at ein kunne få eit etterspel, dersom det i utgangspunktet låg eit spel før mellomspelet. For logisk sett skulle forspelet kome før spelet og etterspelet etter spelet, slik at mellomspelet kjem mellom spela som er mellom forspelet og etterspelet. Men kvar finn ein eigentleg forspelarar, spelarar i spelet og mellomspelarar og etterspelarar? Og kva heiter spela mellom forspelet og mellomspelet og mellom mellomspelet og etterspelet?

tysdag 24. januar 2012

Korleis verte god på å køyre semitrailer på norske vegar

  1. Ikkje sjå så nøye på vegmerkinga
  2. Ikkje bruk tid på å signalisere kva ein vil eller kvar ein vil
  3. Bruk køyrelys berre dersom ein sjølv føler seg motivert til det
  4. Gå ut frå regelen "størst = først"
God tur.



laurdag 21. januar 2012

Bannlyst II

"For vanlige mennesker" alt. "for normale mennesker".

(Sjå her for annan bannlysing.)

torsdag 19. januar 2012

Eksistensiella frågor

Er alle froskar grøne? Har alle hestar fire bein? Har alle blomar namn? Kvar bur lufta? Verkar tyngdekrafta likt overalt? Er tog betre enn bil? Er lufttrykkskilnaden mellom kjellar og loft stor? Kva er eigentleg botnlaust? Korleis kan gløgg heite gløgg og ikkje glugg, til dømes? Kvifor har kua fire spener når sau og geit berre har to kvar og kua sjeldan får firlingar? Er tog betre enn bil? Stemmer det at det finst fleire grønfargar enn gulfargar? Har alle blomar namn? Kvar bur lufta? Verkar tyngdekrafta likt overalt? Er lufttrykkskilnaden mellom kjellar og loft stor? Er alle froskar grøne? Kvifor har kua fire spener når sau og geit berre har to kvar og kua sjeldan får kalvar med fire hovud? Har alle hestar bein?

søndag 15. januar 2012

Godt nytt år

Kjære alle saman: Måtte det nye året ikkje ta slutt før tida. Måtte det nye året ikkje vare lenger enn naudsynt. Måtte det nye året ha årstider. Måtte det nye året ha tilstrekkeleg grøde. Måtte det nye året ikkje ha for mykje graut.