måndag 30. april 2012

Klokka slår eit slag

Tida går og går, og Mayakalenderen nærmar seg slutten, som mange ser ut for å meine er eit uttrykk for at verda går under i 2012. Lite kan som tanken på Den Store Apokalypsen drive ein inn i religiøsiteten. Klokka slår difor eit slag for god gammaldags tekstlesing. I dag: Ordtøka 21. 5: Det den annsame tek seg føre, gjev vinning, men hastverk fører berre til tap.

Då er alle med dette åtvara mot å rekne med at mayaistane har rett og at ein risikofritt kan dekadensere seg fram mot vintersolkverv.

At Klokka så ukarakteristisk maner til åndeleg jamvekt, skuldast naturlegvis at ho kort, men forbigåande, vart skipla av trugsmåla ein slik mogeleg realitet i praksis utgjer, og difor, i tråd med lange tradisjonar i vestlandske fjordarmar, greip etter Teksten for eit Trøystens Ord. Ho reknar med at det er til hjelp for fleire. Dersom ein engelskmann slumpar til å lese innlegget, må han sjå til at naboen får ei omsetjing slik at han (naboen) kan lære noko av det. 

tysdag 17. april 2012

Å skrive dikt (har skrive dikt)

Klokka har teke det for seg å skrive eit dikt. Det skal ikkje vere eit tulledikt, men eit autonomt kunstverk som kan stå på eigne bein, og som skal gjere akkurat det, stå på eigne bein, og skal vere formfullendt samstundes som det er fylt med og fullt av uutgrunnelege uudsigeligheder.

Klokka har skrive dette diktet som er skildra over. Det er ikkje eit tulledikt, men eit autonomt kunstverk som står på eigne bein og er formfullendt samstundes som det er fylt med og av uutgrunnelege uutsigeligheder.

I tillegg har Klokka i dag hatt problem med å treffe v- og b-tastane.

torsdag 5. april 2012

Om grenseløyse

Grenseløyse er når alt flyt og ingenting held seg innanfor rammer eller ser at det kunne finnast rammer som kunne inngrense flytinga og slik danne eit skilje til noko anna. Grenseløyse er når noko og noko anna ikkje lenger let seg kjenne att som noko og noko anna, men verkar flytande og likt. Grenseløyse er når noko inntar slike dimensjonar at ein ikkje kan sjå konturane kring det eller høyre om at slik konturar finst.

onsdag 4. april 2012

Beretning om kommunikasjonsvekkelsen som hjemsøker vårt land

  • Kommunikasjon = Nerveoverføring
  • Relevansanalytiske prosesser = System Error. Reboot System or Contact Administrator.
  • Administrator = Contact Reboot Assistant. Host Unknown.