tysdag 26. juni 2012

Mellomkast

Man hører sjelden om mellomkastene, og enda mindre om mellomkasterne. Det er sannsynligvis ikke et heldig tegn.

måndag 25. juni 2012

Å gå i seg sjølv

Når nettene vert korte, og varmen uteblir, då seier altså Klokkamor til Klokkasjølvet: Lat oss no gå sjølvransakande til verks og gjere opp status for eigen bloggverksemd. Men det er lettare sagt enn gjort, sidan bloggverktyet har endra seg noko i den siste tida og Klokka enno ikkje heilt gjennomskodar Endringanes Velsigning.

Men sjølvransakingas ande driv ein vidare. Etter intens sjølvobservasjon, kan Klokka konstatere at Klokkas antiagentur har etablert seg som viktig lesnad for menneske i minst sju land. Det som verkeleg har oppteke folk, er jamstillingsvedtaket. Men det er også truleg det einaste punktet Klokka har vore nærast å verte politikar. (Ein kan jo sjølvsagt berre vere nærast på eit punkt, dersom ikkje ein nærmar seg det ein vil være nærast frå fleire punkt på ein sirkel i høve til eit sentrum. Då følgjer det at fleire punkt må vere nærast.) Fagre ord, vakre visjonar, store planar, stor svikt. Svikt. Svikt. Svikt.

Her er det viktig å gå i seg sjølv i framtida og evaluere kvifor  utviklinga ikkje gjekk der ho var venta å styre i retning av, og ein kunne vurdere å setje ned ein kommisjon som kunne analysere dei uteblitte synergiane som kunne ha kome av eit slikt prosjekt og deretter levere eit offentleg dokument, som ein kunne sende ut på høyring til mange organ, sjølv om det jo, som kjent, berre er øyre som kan høyre, og ikkje til dømes lever eller nyrer, sjølv om ein somme tider kan undre på om ikkje hjarta også kan høyre. Men ein ville vel like lite sjå for seg lyttande auge som (og det fører Klokka fram til følgjande spørsmål: Kor mange organ har organismen mennesket? Og kor mange organ har eit orgel? Kan ein reiskap vere statisk? For kvifor er vi så raske til å ta ein etat for eit organ og motsett? Kva er eigentleg høvet mellom statisk og statistikk? Og allereie no kan Klokka seie at nettene, til forskjell frå førre veke, vert lengre enn før. Det - også - kunne ho ha sagt før. Men altså like lite sjå for seg faktisk lyttande augo som) ein for eigen maskin symjande innbakt flyndre.

tysdag 19. juni 2012

Om jul heile året

Og jula varer heile året, og det er fullstendig sant, for nissen fauk forbi, og hadde med seg fire reinsdyr.

Og jula er no heilt avskaffa, og det er fullstendig sant, for nissen finst ikkje, og reinsdyra er oppå fjellet.

tysdag 5. juni 2012

Dagen i dag

Dagen i dag kom etter dagen i går og før dagen i morgon. Det burde vere innlysande, og kjennest som ei oppattaking.