tysdag 25. november 2008

Udanna lesesirkel

Som det kanskje har kome fram av antiagenturske meldingar tidlegare, hender det somme gonger merkelege ting i klokkalivet. Ofte er desse merkelege hendingane knytt til tilfeldige møte med framande. For ikkje lenge sidan vart klokka utsett for framlegg om å danne lesesirkel. Forslagsstillaren var svært oppteken av zen og motorsyklar, men klokka er av ei anna orientering.

onsdag 5. november 2008

Tjenesten er midlertidig sperret

Antiagenturet har registrert et mulig problem med den maskinadressen (IP-adresse) som du benytter for å få tilgang til Klokkas antiagentur og/eller tautologiske Klokka. Vær oppmerksom på at dette kan skyldes forhold utenfor din kontroll. Prøv gjerne på nytt om en liten stund.

tysdag 4. november 2008

Tirsdag

VAR DAGEN.

agend rav vunsnenn

lokla rav ekki red

måndag 27. oktober 2008

Kvardagsrealisme

Klokka hadde planlagt å skrive forsmedelige ting om hverdagsrealisme. Klokka planla eigentleg noko heilt anna.

Og nu - nu blir det neste tirsdag. Javisst, husk det, neste tirsdag.

fredag 24. oktober 2008

Antiagenturleg

Klokka hadde planlagt ny bloggpost: "Språkrådet kom, såg og normerte eit ord". Men så kom andre tankar i staden.

fredag 10. oktober 2008

Der ein skulle tru

Fredagsnatta tek til omlag som førre natta enda. Mykje vart gløymd i mellom.

fredag 19. september 2008

Vanvittig

Vangen hvisket "Vanvittig var hvilken valfart..". Hva Vangen hvisket visste vennen, hvilken hvisket "Einar eide ingen elbil".

tysdag 16. september 2008

Ny post: NNN

..og det var då det small: NNN (No er det Nok)!

Sjølvsagt kan ein innvende at det innkonsekvent å seie nnn til no er det nok, sidan det heilt tydeleg ikkje er tre n-ar i no er det nok. Men det ville samstundes vere å nekte for at no er det nok. Dessutan er nn noko heilt anna.

laurdag 6. september 2008

Kimer i klokka

Det er berre slik: samanhengane kjem til sist. Før det er det berre episoder.

laurdag 30. august 2008

Refleksiv-kritisk refleksjon (tevling)

No er det laugardag. Lauginga ventar enno. Medan det vert lite med det, sit antiagenturet festa og fjetra ved radioen og høyrer på radio. P2. Der er det no debatt. Antiagenturet har tidlegare høyrd ei av dei stemmene som nett no durer gjennom radioen. Sist gong var i fritt svev gjennom lufta, og då var lydane ikkje som det var no, når det var eit nytt svev gjennom lufta. Førre svev enda med opptørke, dette svevet med ikkje-dialogisk undring. Kva har hend med stemma som ein gong var slik som ikkje no lenger var? Plutseleg endring. Endingar annleise, tonefallet annleis, meiningane ikkje-samse. Osb. (Antiagneturet feller ikkje dom, berre registerer. Og slyngjer det ut i eit ikkje-førehandssensurert nettforum.) Kven var dette? Giss.

(I alle høve var debatten for nokre minutt sidan. Berre til hjelp.)