- Ikkje sjå så nøye på vegmerkinga
- Ikkje bruk tid på å signalisere kva ein vil eller kvar ein vil
- Bruk køyrelys berre dersom ein sjølv føler seg motivert til det
- Gå ut frå regelen "størst = først"
tysdag 24. januar 2012
Korleis verte god på å køyre semitrailer på norske vegar
laurdag 21. januar 2012
torsdag 19. januar 2012
Eksistensiella frågor
Er alle froskar grøne? Har alle hestar fire bein? Har alle blomar namn? Kvar bur lufta? Verkar tyngdekrafta likt overalt? Er tog betre enn bil? Er lufttrykkskilnaden mellom kjellar og loft stor? Kva er eigentleg botnlaust? Korleis kan gløgg heite gløgg og ikkje glugg, til dømes? Kvifor har kua fire spener når sau og geit berre har to kvar og kua sjeldan får firlingar? Er tog betre enn bil? Stemmer det at det finst fleire grønfargar enn gulfargar? Har alle blomar namn? Kvar bur lufta? Verkar tyngdekrafta likt overalt? Er lufttrykkskilnaden mellom kjellar og loft stor? Er alle froskar grøne? Kvifor har kua fire spener når sau og geit berre har to kvar og kua sjeldan får kalvar med fire hovud? Har alle hestar bein?
søndag 15. januar 2012
Godt nytt år
Kjære alle saman: Måtte det nye året ikkje ta slutt før tida. Måtte det nye året ikkje vare lenger enn naudsynt. Måtte det nye året ha årstider. Måtte det nye året ha tilstrekkeleg grøde. Måtte det nye året ikkje ha for mykje graut.
torsdag 24. november 2011
Klokt råd
Klokka har funne ei kjelde som strøymer rikt over av gode råd. Ho vil la nokre av desse også kome andre til nytte, som her:
tysdag 22. november 2011
Velkommen til dagen
Når ein ser ut og tek til å undre seg over når taket som fauk av hytta over sundet i førre månad vart reparert.
onsdag 16. november 2011
måndag 10. oktober 2011
Så trist
Så mange bloggar har gått i dvale.
Kan de høyre sjelar kvale?
Og englar dale
framfor å male
eller
hesten sale.
fredag 10. juni 2011
måndag 23. mai 2011
Murring
Klokka murrar. Snart kjem det til bannlysing av både det eine og det andre. Det er ikkje alltid at murring er nok.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
