laurdag 31. januar 2009

Feiring og Warning

Klokka et chips og This site may harm your computer.

fredag 23. januar 2009

Lade (II)

Somme gongar kan det svare seg å sove.

torsdag 22. januar 2009

Lade

Ein kan seie mykje om ordet lade. Ein nabo leitte til dømes svært ivrig etter ein for ei tid sida. Men no altså. No sit klokka i mimosaduft og er sjølv litt av ein mimos, medan ho lader opp. Eller ladar opp, alt etter som. I alle høve er no mykje vorte meir og dimed for mykje. Klokka kunne til dømes streike som resultat, men einmannsstreikar har sjeldan stor impakt, som det heiter på nytt, og alt som er nytt er fint. Og når ein tenkjer på lading, og trøytnar av det vonlause i eksistensen, kan ein ta eit tak og til dømes utvikle ein ny og mystisk sjukdom med symptomar som hypermobile ledd og hjartebank og kløande hender og eit snev av fallesjuke pluss handflassing, eller ein kan trekke seg ein ny kopp te, tenkje på den nattsvarte natta, den like svarte katta og kva det skal verte av med alt dette som berre no flyg i rolege spiralar nedover, fjørlett og dansande elegant, slik at ein skal verte forheksa til å tru at det skal vere slik. Og alt kan kome av noko heilt anna.

Detdet, som dei brukar seie.

(Om andre ladar kan ho kome tilbake.)

laurdag 3. januar 2009

Klart du kan!

Då klokka i dag hadde peikefingergymnastikk, kom ho over annonsar som sa 'Klart du kan'. Hm. Og korleis skal ein reagere på slikt? Klokka tok til å tenke på alt ho kan: slå på ljos, tenne på ljos, lese stille, lese høgt, sitte, gå, hoppe, tale ei avgrensa mengd språk, ete pære, sjå på tre, kikke på bokhyllene, stire ut i lufta, drive peikefingegymnastikk. Ja, klart ho kan, tenkte ho. Men annonsen tala ikkje om nokre av desse tinga.

Og desember er gangen.

søndag 30. november 2008

"Bli frimerkesamler"

Klokka undrar over dette slagordet som ho fann på eit postkontor. Ho gjorde det ho skulle på postkontoret, trass i postkontoret, og gjekk ut igjen med ei gul designarpose med innskrifta "Bli frimerkesamler". Visst er klokka danna, og veit at frimerkesamling er eit skalkeskjul for alternative motiv, så ho skulle ikkje ha vorte så overraska over postmannen som banka på døra tidleg laurdag morgon.

fredag 28. november 2008

Ordtøkja

"Det er grønare på andre sida av bekken", sa kjerringa og gjekk mot straumen.

Så gjekk straumen, og lysverket sa det ikkje var deira feil.

tysdag 25. november 2008

Udanna lesesirkel

Som det kanskje har kome fram av antiagenturske meldingar tidlegare, hender det somme gonger merkelege ting i klokkalivet. Ofte er desse merkelege hendingane knytt til tilfeldige møte med framande. For ikkje lenge sidan vart klokka utsett for framlegg om å danne lesesirkel. Forslagsstillaren var svært oppteken av zen og motorsyklar, men klokka er av ei anna orientering.

onsdag 5. november 2008

Tjenesten er midlertidig sperret

Antiagenturet har registrert et mulig problem med den maskinadressen (IP-adresse) som du benytter for å få tilgang til Klokkas antiagentur og/eller tautologiske Klokka. Vær oppmerksom på at dette kan skyldes forhold utenfor din kontroll. Prøv gjerne på nytt om en liten stund.

tysdag 4. november 2008

Tirsdag

VAR DAGEN.

agend rav vunsnenn

lokla rav ekki red

måndag 27. oktober 2008

Kvardagsrealisme

Klokka hadde planlagt å skrive forsmedelige ting om hverdagsrealisme. Klokka planla eigentleg noko heilt anna.

Og nu - nu blir det neste tirsdag. Javisst, husk det, neste tirsdag.