laurdag 26. september 2009

Kongress

Kimonokledde kypriotar kickboksa kidnapparen. Kjensgjerninga kjendest klam: kidnapparen klemte klaviaturet klynkande. Koralen kolorerte kommunikasjonen knurrande.
"Komplott!" kauka kimonokledde kypriotar.
"Kompott!" kvein kelneren.
Kurfyrsten kurra kuriøst, knurpande.

Kvalpen konsumerte kviterussiske kjeks.

onsdag 23. september 2009

Identitetsproblematikk

Klokka har fått mykje kritikk for ikkje å ta nok pauser. No har klokka tatt sjølvkritikk og freista å gjere noko med saka. Då gjeld det å gå systematisk til verks.
1. Kartlegg personlegdomen
2. Kartlegg karakteristiske trekk ved den personlegdomen
3. Kartlegg karakteristiske utfordringar for nett dei karakteristiske trekka ved den personlegdomen.
4. Kartlegg mogelege tiltak.

Klokka skreid så friskt og freidig til verket:
1. Kvar betre stad å leite enn hjå quiz-ane på start.no? Resten heng på denne..

Resultat: Klokka er Erna Solberg, Triana Iglesias og Spearmint.

Knegg.

Knegg knegg.

(Omsett: Den over 50 år gamle ukrainske mummitrollspionhesten frå Stavanger som heiter Sunniva, men liknar Meryl Streep, og som i neste liv kjem att som hest, men som like gjerne kunne ha vore ein pegasus, gjev opp (for nye antiagenturlesarar: jf. bloggposten 16. juli 2007). Klokka er framleis knivskarp.)

tysdag 22. september 2009

Uhyggeleg drukning

Medan Klokka på uhyggeleg vis ser ut til å vere i ein drukningsprosess, registrerer ho at ingen framleis har kommentert at alle stemmene i pollen om verdas beste sparegris (til høgre) på mystisk (og uhyggeleg også) vis har vorte sletta, utan at ho har noko med handlinga sjølv å gjere.

Dette kan ein grunne på medan ein sakte nærmar seg botnen.

måndag 21. september 2009

Siste nytt

Klokka har endra mykje etter sommaren, som gjorde mykje klårt og tydeleg, men også sørga for tåkelegging av andre ting, og ventar at mykje endrar seg også over hausten.

Ho legg no ut ei oppdatering, etter mange oppmodingar, for å seie at antiagenturet framleis agenterar antisk, som nokre har ytra seg tvilande til.

Elles kan ho melde at vindauge ut mot eit anna innandørsareal berre fører til avgrensa utlufting. Det er med andre ord ikkje rom for realisme her.