laurdag 30. august 2008

Refleksiv-kritisk refleksjon (tevling)

No er det laugardag. Lauginga ventar enno. Medan det vert lite med det, sit antiagenturet festa og fjetra ved radioen og høyrer på radio. P2. Der er det no debatt. Antiagenturet har tidlegare høyrd ei av dei stemmene som nett no durer gjennom radioen. Sist gong var i fritt svev gjennom lufta, og då var lydane ikkje som det var no, når det var eit nytt svev gjennom lufta. Førre svev enda med opptørke, dette svevet med ikkje-dialogisk undring. Kva har hend med stemma som ein gong var slik som ikkje no lenger var? Plutseleg endring. Endingar annleise, tonefallet annleis, meiningane ikkje-samse. Osb. (Antiagneturet feller ikkje dom, berre registerer. Og slyngjer det ut i eit ikkje-førehandssensurert nettforum.) Kven var dette? Giss.

(I alle høve var debatten for nokre minutt sidan. Berre til hjelp.)

onsdag 27. august 2008

Draum om hausten

Parapluie-Revel by Leonetto Cappiello
Parapluie-Revel


å verte ein mokkabønne sjølv slik at ein kan bite på fingrane

GPL

No er det på tide å glede trufaste lesarar med meir GPL. Utan at klokka har drive med oppsøkande GPL-leitingsaktivitet har ho no kome over mykje lell. Det vil seie, det (GPL) har kome over henne. Ho har stille og greit observert, registrert og presenterer no fylgjande utdrag frå den siste månadens GPL (omsett til antiagentursk):

Slik gjer alle det også når jorda skal dyrkast. Ser på med distanse og strør ut nokre frø frå vindauget, let att glaset og ventar på ingenting. Det er det som er naudsynt.

Klokka observerer, registrerer og meir til. Fleire rapportar kjem. Vdg.

torsdag 14. august 2008

101 (ute)

no var det gjort. for mykje av alt og for lite av alt. ingen stad moderasjon, den gyldne middelvegen finst ikkje, den går rakt galne vegen.

så var det seinare. endå meir gjort. endå meir for lite av alt og for mykje av alt. heller ingen moderasjon, og boomerangen slær attende og kappar av alt som i vegen står. den som ikkje var gylden, men gjekk råke galne vegen.

no? no.

kva meir kan ein seie?

la konsekvens fare og stig ut

onsdag 6. august 2008

Fiksjonalisme

no kunne klokka nytta plassen og høvet til å seie noko om kva som fiksjonaliserer kvardagen i kva grad og kva som definitivt kjem innunder kategorien førestellingsrealisasjonsfiksjonalisme, men gjer ikkje det. i staden ser ho at det vart ikkje noko neste veke etter førre gong, og at det no er bloggpost nr. 100 i antiagenturet.

ho går ein annan stad og skriv ein liste over andre ting framfor å drive med feiring. men åtvarar alle skiftenøklar: de må berre ikkje tru at de får noko gjennom på det viset!