tysdag 16. mars 2010

Det var ein gong tre hippar som skulle over ei bru. Den største Hippen gjekk først. Han kom seg godt over brua, sjølv om han høyrde skumle lydar under seg. Så kom den mellomste Hippen. Han høyrde dei skumle lydane og skalv medan han forta seg over brua. Då han var komen vel over, var det den minste Hippen som skulle over brua. Han visste ikkje kvifor han måtte over, og han hadde sett på brørne sine at dei hadde vorte skremde av noko. Difor var det ikkje fritt for at han kvia seg litt. Men, tenkte han med seg sjølv, ingen vart store og sterke av å sitje å vere redd. Han la i veg, best han kunne, og nærma seg brua. Men der, akkurat når han var på veg over og den skumle lyden var mogeleg for han også å høyre, ropte einkvan "Freeze". Den minste Hippen kunne ikkje anna enn å stivne der han var, så vidt utpå brua over den skumle lyden. Og har ingen late han gå enno, ligg han der enno.



tysdag 9. mars 2010

dementi

det var ikkje meininga, og det var heller ikkje med vilje, og det heile vart annleis enn nokon på førehand kunne ha tenkt seg. årsaka ligg nede for teljing, men i det heile vert det mindre å gjere når berre betalinga for smøret er på plass. bjørnen har for lengst mista skinnet. det er i det heile mykje å be om orsaking for.