onsdag 4. desember 2013

Å ikkje gløyme

Ein skal aldri starte eit avsnitt med overskrifta, men det er samstundes viktig å ikkje gløyme kva overskrifta har lova. Når ein då likevel vert freista til å starte med overskrifta i brødteksten, gjeld det å stå fast imot. 

tysdag 22. oktober 2013

Pilatusgehalten

Alt ein kunne seie om eit samfunns pilatusgehalt som ein likevel teier om.

torsdag 22. august 2013

Der ein ikkje skulle tru at nokon kunne bu

Frå tid til annan må ein undre på om ikkje dagens norske måte å arrangere heimlege opphaldsstader på faktisk manglar historisk sidestykke. Dette stykket burde ein kanskje salte og tørke. Kanskje ville det gje betre smak. Eller røyke. Det kunne også vere noko. Spørsmålet er kva veg feittet ville renne. Og eit anna spørsmål er om kanskje strimla uansett alltid er betre enn blokkdanning.

onsdag 13. mars 2013

Song

Ein song kan gjere dagen betre, han kan setje eit uttrykk på indre kjensler og han kan krevje noko av ein. Det er berre tre ting mellom fleire. Ein song er difor meir enn eit kinderegg. Ein kunne slå eit slag for songen.

tysdag 26. februar 2013

Mogeleg bakgrunn for endringar

Det kunne tenkjast at alt vart annleis om ein endra premissa grunnleggjande og ugjenkalleleg. Då kunne det hende at ein gjennom å innsjå premissendringa, også ville arbeide for noko anna enn no.

laurdag 9. februar 2013

Alt det utenkte

Alt det utenkte. Om det utenkte også var usagt.

torsdag 17. januar 2013

Kanonskyting

I dag er ein dag ein kunne skyte litt med kanonar. Ikkje mot sporvar eller anna levande vesen, men litt sermonielt. Lauskruttkanonskyting. Berre for å ha det gjort om vinteren også, og ikkje berre denne irrgrøne grunnlovsdagen som slett ikkje alltid er irrgrøn. Eller ein kan skyte andre kanonar. Seie at no må ein honen dondre sjå til å gje kvarandre gamle ullabbar i premie på jolaftan, eller at ikkje alt som ser ut som det gjer, er det det ser ut for at det skal vere. Eller at det som ein trudde var noko, synte seg som noko heilt anna, og at ein no er bondefanga og ikkje kjem seg ut av det og panisk tek til å gå raskare og raskare for å kome seg ut av det lell, berre for å oppdage at dette var ei tredemølle som ikkje er til å sprengje, og ein ikkje når fram og pusten går tyngre og tyngre, det renn væte på ryggen og hjarterytmen styrer øyro og stenger alt anna ute og ein kunne tenkje seg at lauskruttkanonskyting i alle høve ville vere ei avveksling. Sann.