fredag 21. september 2007

Mer GPL. Eller: gjettelek

Hvor mange ganger i løpet av en dag kan man høre noen ytre "men her i virkeligheten" uten å implodere?

tysdag 18. september 2007

Onomastiske grunnøvingar

Klokka har nokre gongar undra henne litt over merkverdige ting som at det ein gong må ha vore nokon som heitte Lodin Lepp. Øvinga denne gongen er å faktisk leve seg inn i Lodin Lepp-rolla ein heil dag.

1. Gå til kantina og sei "Hei, eg heiter Lodin Lepp og vil gjerne kaupe denne koppen med kaffi"
2. Gå til hovudpostkontoret og høyr om det har kome post til deg, Lodin Lepp.
3. Ring til lønnskontoret ved UiB og sei at du er Lodin Lepp, og har ikkje fått lønninga di denne månaden.

Der ser de: Klokkas antiagenturske onomastiske grunnøvingar gjer dykk til vaskeekte moroklumpar.

onsdag 12. september 2007

Aldri

begynn en setning i overskriften som du fortsetter i avsnittet.

fredag 7. september 2007

Tja

Det er det ein skal seie om Kengu kjem og undrar på om einkvan har sett Kengubarnet. Visstnok.

torsdag 6. september 2007

Om så mangt

Det er faktisk ein ny serie her på antiagenturet. Nett no av di klokka reint ikkje kan hugse på kva for andre seriar som finst. Jo, det stemmer, ho har jo GPL og -ingar. Det må ho hugse til ein annan gong.

I dag er klokka mest oppteken av dei store språkslaga ho har kjempa på vegner av ei heil gruppe som ikkje ein gong veit kva ho gjorde, og ho gjorde det utan å vere fundamentalist. Sjølv om det kanskje ville vere tautologisk å vere fundamentalist, men sidan, som kjent, tautologi og kontradiksjon er det same, og fundamentalisme ikkje er kontradiktorisk, er ho altså ingen fundamentalist. Berre dekonstruktør. Sjølvsagt var det jo ikkje kjekt at den som var utsett for det veldige uventa store snikstormangrepet vart so rrrrredd. Men sidan einkvan ein gong sa at klokka verka skremmande på folk, var det på tide å skremme nokon.

Og elles. Elles slår bobla sprekker no. Livet tek til å krype inn att i det heile, og det er eigentleg like synd som det er bra. Til dømes er det ille å ikkje lenger ha ei god orsaking for å utsetje oppvasken til neste veke eller seie at det er umogeleg å tenkje så langt som til om ein time.

Endå elles (elles vert det ikkje om så mangt). Endå elles er det mykje meir ho kunne tenkje seg å finne på. Og då er det vel berre å gjere det.

onsdag 5. september 2007

Og då var det gjort

Klokka tek opp att: Då var det gjort.