Klokka har funne ei kjelde som strøymer rikt over av gode råd. Ho vil la nokre av desse også kome andre til nytte, som her:
torsdag 24. november 2011
Klokt råd
tysdag 22. november 2011
Velkommen til dagen
Når ein ser ut og tek til å undre seg over når taket som fauk av hytta over sundet i førre månad vart reparert.
onsdag 16. november 2011
måndag 10. oktober 2011
Så trist
Så mange bloggar har gått i dvale.
Kan de høyre sjelar kvale?
Og englar dale
framfor å male
eller
hesten sale.
fredag 10. juni 2011
måndag 23. mai 2011
Murring
Klokka murrar. Snart kjem det til bannlysing av både det eine og det andre. Det er ikkje alltid at murring er nok.
torsdag 24. februar 2011
Nokre rettar utan klammeformer
rett, rett, rett, rettarbot, rettargang, rettarstad, rette, rette, rette, retteleg, rettenkt, rett-tenkt, rettesnor, rettferd, rettferdig, rettferdssans, retthaveri, retthaversk, retting, rettkomen, rettlaus, rettslaus, rettleiar, rettleie, rettleiing, rettlina, rettlinja, rettløyse, rettsløyse, rettmessig, rett no, rettno, rett nok, rettnok, rettruande, rett-truande, rettsavgjerd, rettgild, rettsgyldig, rettshavar, rettsindig, rettskaffen, rettskjensle, rettskriving, rettlaus, rettslaus, rettsleg, rettslærd, rettløyse, rettsløyse, rettsoppgjer, rettssak, rettsskipnad, rettsstat, rettsstell, rettstrygd, rettsvern, rett-tenkt, rettenkt, rett-truande, rettruande, rettvinkla, rettvis, rettvise.
tysdag 11. januar 2011
Oldefar, fotefar
I vekas D&T var det noko om Nordhordland som det nye Sunnhordland i litteraturen. Klokka kjem korkje frå her eller der, men kan skryte på seg ein oldefar med band til nord, sud og litteraturen (trass i nikotinforgifta innskrumpande slektningar i Bergen by som innkasserte på bybrannen i '16 (men det var altså ikkje oldefar, som for i andre fotefar (og likevel finst på UB (som også den nikotinforgifta)))).
onsdag 5. januar 2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)