onsdag 17. oktober 2007

Kvar har Klokka vore?

Sei det. Rundt om. Ingen stader. Utan nett i fleire dagar, i alle høve. Med merkeleg unnatak av nokre timar ein kveld, men det kunne jo ikkje høve betre. Ingen grunn til å klage over det.

Elles. Dagane går. Dei vert fylte med tid, alle desse augneblinka som ligg strukturert etter kvarandre som perlar på ein snor, slik at dagane kjedar seg saman til lange remsar av tid, og Klokka undrar på om ho nokon gong kjem til å verte fristilt frå sjølve denne rekkefylgja, slik at ho kan fly omkring, det vil seie, ikkje fly omkring, men ikkje vere innanfor rekkefylgjestrukturen og heller vitje ulike delar av den lange remsa som alle augneblinka strukturere.

Det er sjølvsagt mogeleg. Ein kjend forfattar har nemd det, og dessutan har ein italiensk kvantemekanikar eller kvantefysikar eller noko i den dur hevda noko slikt. I alle høve om ein tillett analogiar. Då han ville prove at noko som var resiprokt utelukkande tilstandar kunne eksistere simultant, sende han brev til instituttleiaren om at han kom til å ta livet sitt. Straks etter sende han eit telegram om at han ikkje tenkte på sjølvmord. I tillegg kom eit tredje brev eller telegram om at han håpte begge meldingane kom fram til instituttleiaren samstundes. Han forsvann sporlaust på ein båttur mellom Sicilia og Napoli, og ingen fann nokon sinne spor av han. (Fritt etter minnet.)

Og kva skjer elles? Klokka ligg no sjuk. Høg feber slit og dreg gjennom klokka, og klokka fryktar for framtidige obligatoriske aktivitetar som avgjer framtida hennar, og skal difor verte styrtfrisk til morgondagen og fredagen, der desse obligatoritetane krev deltaking. Truleg er det ikkje berre eit tilfelle at obligatorisk og alligatorisk lyder så likt.

7 kommentarer:

tante fiolett sa...

Nei, tilfeldig er det nok ikkje. Om lekamen stundom slær seg vrang, er det i alle fall godt å sjå at ånda held seg levande frisk i antiagenturet. Eg såg visst ein snurt av ei flagrande klokke som tikka og gjekk i dag. Det lovar bra.

Tone Helene sa...

Vi håper Klokken snart finner tilbake til vanlig god form, og fortsetter å glede oss med sitt blide åsyn fra tid til annen. Vi håper også Klokken øver jevnt og flittig og snart blir en riktig virtuos.
god helg

Anonym sa...

Kvar er klokka?

Klokka sa...

her og der. rundt om kring. alle stader og ingen stader. elles går det ikkje så illle med øvinga. kvar femte tone er nesten rein. elles vert det litt flagring og flyging også.

Anonym sa...

Ein saknar Klokka.

Klokka sa...

klokka skal skjerpe henne

Anonym sa...

Bra.