fredag 23. november 2007

Og nett då du trudde...

Klokka skulle sette opp ein ny bloggpost. Og kva skjedde? Ikkje berre kunne ikkje hennar eigen konto kontakte blogger, men merkelege andre ting hende. Plutseleg var dramaet over, og kontoen hennar kunne kontake blogger, og gjorde det.

Men då, nett då du trudde at alt var i skjønnaste orden igjen, gjekk døra opp bak klokka, og

4 kommentarer:

m sa...

...og der sto eg.

Trass undringa over kva det var vinden hadde ført med seg denne gongen, trakta Klokka kaffi, leitte fram eit spel av glassteinar og spela yndlingssongen min på eit nytt instrument.

Før eg let vinden sluke meg att, fyllte ho meg med kjærleg steikt eplekake så eg hadde ballast nok til å la himmelrømd vere himmelrømd. På heimveg sveipa eg tretoppane i mi eiga verd, og let den gjenoppdaga kjøkkenvarmen fylle heile meg.

Bak fargerike glasmåleri og eplekakedogg ser eg to sitte og male porselensfigurar ein av dei gode laurdagane. Og brått hugsar eg noko viktig om laurdagar med regn.

m sa...

(når eg seinare flaug enno lågare såg eg at det var gipsfigurar - og bilete vart enno finare)

tante fiolett sa...

Å.. Så godt å vita at det finst så fine folk, og så gode eplekaker og kaffikoppar. Ein dag skal eg òg la vinden lyfta meg opp og ta meg ut mot vest.

Klokka sa...

tante fiolett er alltid velkommen. her finst kaffi og heilag te. kom-kom.