laurdag 30. august 2008

Refleksiv-kritisk refleksjon (tevling)

No er det laugardag. Lauginga ventar enno. Medan det vert lite med det, sit antiagenturet festa og fjetra ved radioen og høyrer på radio. P2. Der er det no debatt. Antiagenturet har tidlegare høyrd ei av dei stemmene som nett no durer gjennom radioen. Sist gong var i fritt svev gjennom lufta, og då var lydane ikkje som det var no, når det var eit nytt svev gjennom lufta. Førre svev enda med opptørke, dette svevet med ikkje-dialogisk undring. Kva har hend med stemma som ein gong var slik som ikkje no lenger var? Plutseleg endring. Endingar annleise, tonefallet annleis, meiningane ikkje-samse. Osb. (Antiagneturet feller ikkje dom, berre registerer. Og slyngjer det ut i eit ikkje-førehandssensurert nettforum.) Kven var dette? Giss.

(I alle høve var debatten for nokre minutt sidan. Berre til hjelp.)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kan ikkje gisse. Eg var på loppemarknad i staden for å lytte til diskusjonar. Kan eg likevel vinne?

Ronald

Anonym sa...

Det var du ikkje.

Loppa

Anonym sa...

Eg tok meg i mellomtida ein svevetur i skyene. Så det vert vel ikkje noko gissing på meg heller. Men berre vent! Her er det både trufaste lesarar og lyttarar.