tysdag 17. februar 2009

Klokka undrar på kva ho skal verte

Eller: Klokka undrar på kva det skal verte av henne.

I desse dagar er det mange tankar som sviv rundt. Klokka grublar, rett og slett. Det er ikkje reint uvanleg i seg sjølv: Grubling er ein grunnleggjande antiagenturleg dugleik. Klokka har svært høg gruplekompetanse. Tema for grublinga denne gongen er, som tittelen indikerer, kva ho skal verte, eller, som omformuleringar ymtar om, kva det skal verte av henne. Rett ut sagt veit ho ikkje, men ho kjenner at spørsmålet vert meir og meir trugande og er i ferd med å fare over henne med alt det fælslege slike trugande berghammar-spørsmål ber med seg. Altså må ho freiste å i det minste slå berghammaren på målstreken - det er det minste ein kan forlange. No snakkar ho henne bort. Ny start:

Klokka står ved eit vegskile i livet. Ho skjønar at ikkje alt kan vere som det har vore, og at ingenting er som det skal vere. Slikt må ein ta konsekvensar av. Klokka kunne tenkje seg å ta ein "kva-skal-du-verte"-test eller "kva-høver-du-best-til"-test. Men ho har enno friskt i minne at ho eigentleg er ein ukrainsk hest som heiter Sunniva og bur i Stavanger (meir om dette 16. juli 2007 for dei som ikkje måtte ha det same friskt i minne), og tvilar på at ho på eiga hand kan kome fram til informative testar. (Og dersom nokon skulle lure heiter ho korkje Sunniva eller bur i Stavanger. Eller er ein firbeint ven frå Ukraina.) Klokka må altså endå ein kveld gå til ro med livets stora frågan surrande rundt. Og rundt.

Intimitetstyrraniet til side: Klokka noterer henne at den store undersøkinga om sparegrisar som ho gjennomførte for ei tid sidan, sanka stemmer til både det eine og det andre. Ho skal vurdere å lage ei eiga undersøking som tek sikte på å avdekke tidlegare løynde eksistensielle sanningar i næraste framtid.

No har ho sagt for mykje.

Utkast automatisk lagret på 23:07

(Sjølvsagt var det lenge etter at ho burde ha sovna.)

Utkast automatisk lagret på 23:09

(??)

3 kommentarer:

Purisme sa...

Grubling er bra. For mykje grubling er ikkje bra.

Bloggosfæren sin vikar for Klara Klok seier: Du kan t.d. søkje den ledige studiekonsulentstilling for nordisk på LLE? Då har du som klokka, gått rundt, og det er det ingenting gale med. Eller du kan byrje som folkeopplysar på ein annan opplæringsanstalt. Eller noko heilt anna. Ventar elles spent på at du publiserer noko om Fløgstad på denne sida snart.

Hadde ikkje den ukrainske hesten i Stavanger "I feel good" som yndlingssong?

tante fiolett sa...

Klokka klarte meisterstykket å få ein viss fast lesar, som for tida er fanga i ein uuthaldeleg klisje: praksissjokk, til å dra på smilebanda. Ei bragd. Berre spør han purist.

Kva kan det fortelja? At klokka er den fødde konsulent.

Anonym sa...

Åh, den som kunne kommentere med blå skrift.

Elles: klokka er kul og i går såg ei snøklokke.

m