søndag 28. juni 2009

Anitagenturet rasar

Antiagenturet rasar mot så mangt.

Antiagenturet vil med dette gjere det heilt klart at det finst mykje å rase mot.

Antiagenturet vil leggje til at det finst også mykje anna å rase mot, som antiagenturet enno ikkje har fullstendig oversikt over.

Antiagenturet vil såleis gjere det klart at rasing har ein plass i delar av generell antiagenturleg verksemd.

Antiagenturet vurderer tiltak.

(Jf. NNN.)

Ingen kommentarer: