torsdag 25. februar 2010

170

I dag har vore ein dag blant dagar. I morgon vert atter ein dag blant dagar. I går var også ein dag blant dagar. I dag skulle ein ha gjort noko ein ikkje gjorde, det som ein ikkje gjorde i går men skulle ha gjort før i morgon. I dag var ein dag då alt som hende ikkje faktisk hende, men alt berre gjekk, slik berre bestemorsur går.

Og enno var det noko ein skulle ha sagt, ei historie skulle vorte skriven eller i det minste fortalt, men det store tomrommet, det svarte holet, gjorde seg gjeldande og saug bort alt som var eller kunne ha vore slik at det ikkje vart. Så var det mørkt. Både i det svarte holet som saug alt til seg og slukte det slik at alt forsvann og utanfor det svarte holdet som saug alt til seg slik at alt forsvann. Ingenting var att.

Berre historia som ikkje vart fortalt om katten som stirte på den andre katten og den osteetaren som sa at nei, det fanst ikkje ost der, ein fekk heller klare seg utan, sa osteetaren mellom munnfullar av ost, og dessutan kjellargravaren som tenkte at å grave er alltid ein framtidsretta handling og toga som gjekk att og det ein glemte i butikken som ein ikkje hadde lov til å gløyme, og så var det brått innlegg nr. 170, utan at innlegget var det innlegget skulle ha vore, det var faktisk ingenting, men kanskje kunne det ha vore noko dersom Klokka berre hadde oppdaga menneskelege trekk i havet i staden for i bergveggar, men det ho skulle seie noko om var tomrom, slike tomrom som det svarte holet som eter materie og kanskje faktisk berre er ein rullekoffert som rullar nedover brostein midt på natta i ein mørk gate medan han sug til seg ting han kan sluke heilt fram til han har vakse til eit stort svart hol i universeg og slukar planetar og framfor alt gustav holst og så kjem møbeltapetseraren og vil ha stripar på sofaryggen medan han ikkje skjønar at det alt er for seint, og at ikea for lengst har teke over verda, trass i at innlegg nr. 170 til det meisterverket det kunne ha vore, men vegen er lang


1 kommentar:

Ingeborg Bjorland Hansen sa...

Eg likte innlegg nr. 170. Særskilt osteetaren, men fleire andre ting også.