måndag 16. juli 2007

Mellomspel: Kven Klokka eigentleg er.

Klokka hadde no eigentleg tenkt å skrive noko om teltliv i vestlandsk styrtregn, kvalitetstesting av nye lommeknivar, fastkøyring i grusbakkar og venlege dølar. Det vert ikkje noko om det i dag.

Dei siste dagane har andre bloggarar skrive mykje om ein test ein kan ta. Ein kan finne ut kva for ein figur ein eigentleg er i Mummidalen. Vel nok, tenkte klokka, og ville også finne ut kvar ho passa inn.

Klokka fann testen, tok testen, fekk svar: Mummitrollet. Det forklara eit og anna, for ho har lenge undra over om ikkje farsskapet ho har vore førespegla kanskje inneheld element av bløff. Alle Mummipappaer kan melde seg til Klokka for rørande møte.

Det var ikkje slutt med det. Klokka fann noko anna: Mange andre testar. Ho vart skeptisk til testmakaranes grannsemd då ho kom over formuleringar som "Om vi hadde vært fantasiskapninger i stede for mennesker", "hvordan klær liker du å ha på deg" og "hvordan hår farge [har du]". Likevel: Ein skal ikke skimse av hunden på håra, eller selge smøret før bjørnen er skoten. No som ho hadde funne ut at ho heilt utan tvil er Mummitrollet, vart vegen til vidare oppdagingar kort. Ho tok ei rekkje testar, og fann ut:
- Klokka er over 50 år gamal, mentalt sett.
- Klokka er ein ukrainsk hest som kjem til å bli attfødd som hest også i det neste livet (ho er ein god hest, med andre ord).
- Klokka bør bu i Stavanger, og songen hennar er 'I feel good'.
Dessutan skulle den ukrainske mummitrollhesten eigentleg heite Sunniva, og ho er ein ekte spion. Om ho hadde vore eit fantasidyr, ville ho ha vore den sorte pegasus. Dessutan er ho mest lik Meryl Streep av kvinnelege Hollywood-stjernar.

Klokka vart sjølvsagt meir og meir nøgd. Å vere hest er edelt, å vere Mummitrollet er supert, og å verte hest i neste liv når ein er frå sjølve hestelandet Ukraina - jau, det er gode greier. Dessutan har ho alltid kjent eit nært band til Meryl Streep, heilt frå Madison County til Kenya, frå kranglinga med Richard til kranglinga med Charles/Mike, frå New York til Mundy-heimen. Etter slik ros var det på tide å finne ut kva slags filmsjanger Klokkalivet eigentleg vert spela ut i. Held dykk fast, alle agentar og medantiagentar:

"Ditt liv er en knivskarp dokumentar. Ingen sak er for liten, ingen motstander for stor. Du retter søkelyset mot urettferdighet og sabler ned autoriteter på din vei."

Det var vel lovord (og hugs at Michael Moore aldri er knivskarp)!

Klokka var eigentleg svært nøgd no, og "självkänslan" voks fleire meter med kvar oppdaging. Då kunne ho koste på henne ei siste bonustest, nemleg "Hvilken kjendis er du mest lik" - og rekna med å ende opp som ei eller anna glamorøs, stilfull og human stjerne, som til dømes Audrey Hepburn. Her var det den knivskarpe dokumentaristiske tilnærminga leidde til gjennomholing av alle testresultata. Etter ti djupe og inngåande spørsmål som skulle avdekkje kven Klokka no var mest lik av alle kjendisar, fekk ho denne formuleringa opp på skjermen: "Du hadde 4 av 10 riktige!"

4 kommentarer:

Anonym sa...

Det kan verke forlokkande i starten, men tilliks med det meste anna som er for godt til å vere sant, så tek det knekken på deg til slutt. Helsing Mummipappa, med ein mental alder eg helst ikkje vil snakke om.

tante fiolett sa...

Eg skulle gjerne ha vore ein fri og utemd hest i vill ferd over det mongolske steppelandet, med knasande lauv og mose under føtene, med vind i manen og raud solnedgang i augo. I fylgje med ein flokk andre vindfylte, ville hestar.

Mentalt sett er eg visst for ei stakka stund i balanse med meg sjølv - testen plussa berre på med eit par år.

Utan at eg veit kva det tyder, for eg er ikkje så kjend i Mummidalen, enda eg opp med Snorkfrøken. Er det eit godt eller dårleg teikn?

Klokka sa...

då er vi visst sysken, men mykje har jo tyda på det før. særskild når maria har ropa på oss.

tante fiolett sa...

Sant nok. Det tek eg som eit godt teikn.