fredag 7. september 2007

Tja

Det er det ein skal seie om Kengu kjem og undrar på om einkvan har sett Kengubarnet. Visstnok.

10 kommentarer:

Halvbror til reven sa...

Sjå det, ja. Men er det nokon som har sett bror min?

m sa...

Eg smiler skeivt når eg les. Det er den beste smilen. Antiagenturet gjer godt.

Tordis sa...

No, korleis går det med oppvasken?

Halvbroren sa...

kven er denne Tordis?

Klokka sa...

klokka veit neimen ikkje. men det heile er faktisk litt skummelt. for det var nemleg slik at ein stor oppvask stod på benken og berre venta. altså har denne tordis ein omnipresens som verkar litt utanfor det vanlege. klokka har no tatt konsekvensen og vaska opp.

og medan det likevel er sett under lupa: kven er så halvbroren?

Tordis sa...

Orden, disiplin og teft. Og eit slag krokket om sundagane. Meir er det ikkje å fundere på, mine unge menn og damer.

reven sa...

Halve bror min, vel.

halvbroren sa...

Og medan det likevel er sett under lupa: kven er denne klokka?

Klokka sa...

klokka er, kjære halvbror, presentert nærare under posten 'mellomspel' (juli). utover det: klokka er tautologisk.

og det er framleis vaska opp.

Tordis sa...

Godt.