måndag 30. juni 2008

Førebuingar (GPL)

Klokka vert meir og meir oppteken med ting som skal hende i framtida. Det er heilt naudsynt om ho skal vare henne frå dei verste gpl-opptrinna. Det vil seie at ho med opne auge går ut i gpl med begge føtene og står planta der nokre veker. Slik vert det. Nett no er formelen slik:

1 stk nasjonalromantikk (no rasar underdebatten: tradisjonelle lover eller ikkje? Klokka kan opplyse at hardnakka tradisjonalistar oftast veltar all tradisjonalisme til sides dersom dei av ein eller annan grunn skulle meine at deira estetiske kjensler veg tyngre enn tradisjonen, og det gjer dei (kjenslene) oftast der tradisjonen kjem i vegen for deira (tradisjonalistane) eiga estetiske kjensler. Ein kan også uttrykkje det omlag slik: Tradisjon er eit vinnarargument over alle som syner ei avvikande estetisk overtyding i samanhengen, og der ein ikkje kan syne til betre estetisk sans på generelt grunnlag.)

1 stk grådress som nett no er i ivrige interne diskusjonar kring både det eine og det andre

1 stk uviss nasjonalromantikk som ikkje let seg overtyde om noko som helst. Den estetiske drakampen her er heller ikkje enkel, etter di han avheng av andre diskusjonar også og til sjuande og sist antakeleg vert til ein duraberleg overkøyring av alle involverte. Men det gjer vel ingenting.

1 stk dekorskjema. Underdiskusjon: Er det mogeleg å sjå bort frå normative tradisjonar her når ein så openberrt har gjort det i dei tre punkta som er nemnt over? Her kjem tradisjonalisme vs. eigendefinerte estetiske parametre inn for fullt att. No når det syner seg at det truleg ikkje vert semje i frågan, går det heile i retning av gråtekoneinnhyring og utspekulert manipulering av ekte hønsegard-slag.

1 stk plan für das essen. Her var alle tradisjonalistar overraskande lett å røre på, men det tyder at boomerangeffekten kjem til å slå til for fullt om kort tid. Til dømes når det gjeld det frykta *fellesprogrammet* som tydeleg kjem til å verte diktert frå verste antiagenturske sensur.

vdfpa

Ingen kommentarer: