tysdag 24. juni 2008

Store spørsmål

Klokka var i ferd med å spørje puristen om noko, men gjorde det ikkje. Ho tenkte henne om i det ho nesten stilte spørsmålet. Då klokka har vore ei tid i eksil, har det samla seg opp store spørsmål som eigentleg har vore i lufta heile tida. Det var meininga å spørje i går, men det vart ikkje til. Det store spørsmålet er altså: "Kva tyder 'eit par dagar'"? Er det to dagar? Eit ubestemt tal dagar som er meir enn ein dag, men mindre enn ti? Er eit par alltid to, eller finst fleire par? Kva med fiskar? Kva tyder eit par fiskar? Eller eit par fiskarar.

No står det to pingvinar på bordet og insisterer på snarleg svar. Ein av dei ivrar slik at han ikkje tek tida til å tørke smular bort frå snuten. Nei, han har ikkje nebb. Men handemakt.

4 kommentarer:

Purisme sa...

Interessant. Eg har ei kjensle av at dersom ein seier noko lettvint her, er det lesarar som kan arrestere ein. Så ein må be om å få stikke innom den lærde bua sjekke opp i svarteboka før ein kjem med tilbakemelding. Dette er i strid med føresegnene til Norsk Folkeetymologisk Forening, men eg trur styret der har ferie no.

Anonym sa...

Eit par augneblink no, so skal klokka få svar. skjønt svar å verta klok av..
reinleiken har visst sovna i svarteboki.så det spørs no.

Purisme sa...

Svarteboka er ei bok som Ivar Aasen skreiv, men som har vorte underslegen, av di der står mykje som ikkje toler dagsljos.

Når det gjeld sjølve spørsmålet, så har eg ei formeining om at a) par i tydinga 2 gjeld noko som høyrer saman to og to, dvs. at det vert ein einskap gjennom to (eit ektepar, eit skopar, eit brillepar, eit par hanskar), medan b) par i tydinga "nokre" (dvs. to eller fleire) gjeld når einingane ikkje nødvendigvis høyrer saman for å gi meining (to sild er ikkje nødvendige for at silda skal gi meining).

Klokka sa...

klokka er mykje takksam for denne etterlengta oppklåringa. ein kan trygt seie at dette slår ned og hol på tidlegare irettesetjingar ho har vorte utsett frå frå pseudohald. no skal ho seie eit par nett når det høver henne, så lenge det er på line med svarteboka.