søndag 30. november 2008

"Bli frimerkesamler"

Klokka undrar over dette slagordet som ho fann på eit postkontor. Ho gjorde det ho skulle på postkontoret, trass i postkontoret, og gjekk ut igjen med ei gul designarpose med innskrifta "Bli frimerkesamler". Visst er klokka danna, og veit at frimerkesamling er eit skalkeskjul for alternative motiv, så ho skulle ikkje ha vorte så overraska over postmannen som banka på døra tidleg laurdag morgon.

2 kommentarer:

Purisme sa...

Ja, og kva skjedde då?

Klokka sa...

kjære purist,

etter dette er det uvisst kva som skjedde. men i alle høve er det stendig post på døra.