laurdag 3. januar 2009

Klart du kan!

Då klokka i dag hadde peikefingergymnastikk, kom ho over annonsar som sa 'Klart du kan'. Hm. Og korleis skal ein reagere på slikt? Klokka tok til å tenke på alt ho kan: slå på ljos, tenne på ljos, lese stille, lese høgt, sitte, gå, hoppe, tale ei avgrensa mengd språk, ete pære, sjå på tre, kikke på bokhyllene, stire ut i lufta, drive peikefingegymnastikk. Ja, klart ho kan, tenkte ho. Men annonsen tala ikkje om nokre av desse tinga.

Og desember er gangen.

2 kommentarer:

Anonym sa...

I januar kan ingen nokon ting.

Til og med Obama er heilt stille. Han er så stille at han må høyre smella langt der borte. Eg trur dei lagar ringar i vatnet som når heilt over til andre sida der han bur.

Eg høyrer smella, eg også. Og av og til trur eg at eg kjenner ein svak dirr under beina.

Då vert eg så redd. Og så lurer eg på om han vert redd, også. Kan vi?

knøttet

Anonym sa...

Katten seier:
Klokka treng ikkje uroa seg. Smell er smell, men januar er like fullt tida for å tenkja kloke klokke-tankar, seia fine klokke-ting, skriva gode tekstar, spela fin musikk, visa gode filmar, baka herlege brød. Alt som klokka kan så bra.

Kvar skulle verda vore utan klokka?

Helsing kattens mystiske eigarinne, dvs. lektor-skal-verta