torsdag 22. januar 2009

Lade

Ein kan seie mykje om ordet lade. Ein nabo leitte til dømes svært ivrig etter ein for ei tid sida. Men no altså. No sit klokka i mimosaduft og er sjølv litt av ein mimos, medan ho lader opp. Eller ladar opp, alt etter som. I alle høve er no mykje vorte meir og dimed for mykje. Klokka kunne til dømes streike som resultat, men einmannsstreikar har sjeldan stor impakt, som det heiter på nytt, og alt som er nytt er fint. Og når ein tenkjer på lading, og trøytnar av det vonlause i eksistensen, kan ein ta eit tak og til dømes utvikle ein ny og mystisk sjukdom med symptomar som hypermobile ledd og hjartebank og kløande hender og eit snev av fallesjuke pluss handflassing, eller ein kan trekke seg ein ny kopp te, tenkje på den nattsvarte natta, den like svarte katta og kva det skal verte av med alt dette som berre no flyg i rolege spiralar nedover, fjørlett og dansande elegant, slik at ein skal verte forheksa til å tru at det skal vere slik. Og alt kan kome av noko heilt anna.

Detdet, som dei brukar seie.

(Om andre ladar kan ho kome tilbake.)

Ingen kommentarer: