måndag 21. desember 2009

tjueførstedagen

den mørkaste dagen kom med tre år gamal musikals helsing. eit utdrag frå teksten:

spiller på piano
se inn i kamera
og lekebilen falt ned i boka
og boka stod åpen så siden ble ødelagt
og krøllet sammen i peisen
og peisen brente opp
og huset brant jo helt opp
og papiret ble så cirka
at det ble mulig å spille på piano

men nå hadde de kjøpt nytt piano og ny peis
så klarte de det helt fint
og måtte synge hele veien

og stikkontakta ble så ødelagt at det ikke gikk an å synge
bare i mobiltelefonen uten form
lalalalala
jeg spiller på piano
jeg spiller på piano
i det gamle huset var det tomt

de måtte bruke lommelykt for å se i kjelleren
biler de hadde i det gamle huset ble røvet og de fikk ikke ta han med
men boka var hel og fin
bare en ødelagt side
og en side ble ødelagt på grunn av det voldsomme regnet
i det gamle huset var det oversvømmelse av regn

i fryseboksen

(delar av teksten har diverre falt ut)



torsdag 17. desember 2009

attandedagen

gjesteskribenten har ordet:

"svensken dansken og nordmannen skal til vaksinen.

svensken sier: hos oss blir alle tvangsvaksinert, og de som ikke vil blir
henrettet. det er mest rettferdig. da sier dansken: hos oss blir ingen
vaksinert, fordi demonstrantene har ødelagt vaksinen og nå finnes det ingen
vaksine mer. det er aller mest rettferdig. nordmannen hører dem, og sier: hos oss oppfattes
vaksinering som borgerplikt. da får altså alle avgjøre selv, og siden alle
gjør det som alle gjør, gjør alle det som alle gjør. dette er rettferdigst."

tysdag 15. desember 2009

femtandedagen

femtandedagen var dagen då mangt kunne gått betre. men lite var ille.

måndag 14. desember 2009

fjortandedagen

fjortandedagen kan ein til dømes gjere opp for fjoråret, bade i fjorden eller ri på fjordingen.

fredag 11. desember 2009

ellevtedagen

Ellevtedagen er som kjend dagen etter tiandedagen og dagen før tolvtedagen. ellevtedagen er også tredjedagen etter åttandedagen, og såleis kan ein slutte at det har gått tre dagar mellom innlegga på antiagenturet. Desse tre dagane var prega av at tiden mellom åttandedagen og ellevtedagen gjekk.

Som kjend er det slik at tida går, ikkje kryp eller spring eller køyrer bil eller flyr. Denne gåande tida kan ein så dele inn i mindre einingar: Døgeret som vi deler inn i dag og natt, og dette døgeret kan vi dele inn i timar, minutt og sekund. Den siste måten å dele gåande tid inn på, nemleg etter klokka, som sjølvsagt ikkje må forvekslast med Klokka, er eit ofte nytta tidsinndelingsparadigme i den internasjonale verda. Ein kan finne konsertar annonserte til ei viss tid, på same måte som radioprogram kan vere annonserte til ei viss tid. For at ein ikkje skal tru at konserten og programmet tek til samstundes, kan ein også gje dei einskilde døgra namn. ellevtedagen, som er i dag, vil kunne bere namnet "ellevte desember, totusenogni etter Kristus". Denne måten å dele inn gåande tid på vert kalla den gregorianske kalenderen, etter pave Gregor XIII.

Då denne kalendersorten som berre har vore nytta i 427 år, har ein historisk sett meir røynsle med den julianske kalenderen. I Danmark-Noreg var denne gregorianske kalenderen ny i 1700, noko som tyder at ein i desse landa berre har 309 års røynsler med slik kalender. I Sverige gjekk ein også bort frå den julianske kalenderen i år 1700, men dette berre over ein periode på 12 år. Eigentlege røynsler med gregoriansk kalender i Sverige går over 256 år. fotnote 1
Etter den julianske kalenderen er i dag ikkje ellevtedagen, ellevte desember totusenogni, alternativt 11.12.2009 a.D, men tjueåttande november totusenogni, alternativt 28.12.2009 a.D.

Prinsippet som med innføringa av den julianske kalenderen dei siste 1963 åra har vore sterkt styrande for kalendertypar, som har vorte meir og meir internasjonalt styrande, følgjer det sideriske året - eller: "Det sideriske år er tiden det tar sola å komme tilbake til samme posisjon med hensyn til stjernene på stjernehimmelen" fotnote 2

Sjølvsagt finst det også fleire andre kalendertypar. Difor fell nokre høgtider til same tid i høve til den gregorianske kalenderen kvart år, medan andre ikkje gjer det.


fotnote 1: Dersom ein reknar kalenderrøynsler for påske for viktige, har Sverige 165 års røynsler med gregoriansk påske.

tysdag 8. desember 2009

åttandedagsbluesmedley

(prosalesing)
åttandedagen kan minne om ein måndag. blå eller ikkje. kvar skal ho vende seg for trøyst. veit ho neimen ikkje. åttandedagen. endå eit steg mot det endelege. passert. over. ferdig.

(mel. tango for to (berre refreng))
no vert det middag på ho
og om ho ikkje et nok må jo straffast med klo

(mel. det lyser i stille grender)
og kjem det til uvenskap her
må einkvan gå ut ein tur
for alle skal verte blåbær
og så kvile fint ein lur

(mel. eg veit ei lita jente)
og no skal alle sjå til fjells
så langt så langt til fjells
for der skin ikkje sola fint på kvelden
på kvelden er han gått
som berre ein kan vere gått
og kjem visst ikkje att før på eit bee-eeel

måndag 7. desember 2009

Sjuande dag

Kvarteret er over. Boblane stig. , eller: Kvarteret er over. Boblane stig.

søndag 6. desember 2009

Pass på

Ingen luker i parkeringa, takk. Klokka har drive antiagenturleg verksemd denne veka og kome til fleire oppsiktsvekkande kva-ein-no-kan-kalle-det. Ein kan i alle fall røpe at det dreier seg om mellom anna ein nesten slutta sirkel og ein vaskeekte stor diger gammaldags løgn som fall i fisk for løgnaren,

slik at andre kunne stige opp or asken (etter at løgna hadde brunne ut) som ein moralsk overlegen fugl føniks.

og to fiskar på kroken.

tysdag 1. desember 2009

Adventyrleg

No er det advent, og det tyder at noko(n) skal kome, eller som han sa: "Nokon kjem til å kome".