tysdag 8. desember 2009

åttandedagsbluesmedley

(prosalesing)
åttandedagen kan minne om ein måndag. blå eller ikkje. kvar skal ho vende seg for trøyst. veit ho neimen ikkje. åttandedagen. endå eit steg mot det endelege. passert. over. ferdig.

(mel. tango for to (berre refreng))
no vert det middag på ho
og om ho ikkje et nok må jo straffast med klo

(mel. det lyser i stille grender)
og kjem det til uvenskap her
må einkvan gå ut ein tur
for alle skal verte blåbær
og så kvile fint ein lur

(mel. eg veit ei lita jente)
og no skal alle sjå til fjells
så langt så langt til fjells
for der skin ikkje sola fint på kvelden
på kvelden er han gått
som berre ein kan vere gått
og kjem visst ikkje att før på eit bee-eeel

1 kommentar:

tante fiolett sa...

No gjorde Klokka med sine fine rim (spesielt det siste) ei stakkars stressa fiolett glad.

Syng, syng og ver glad....trallallallalla

Fiolett er no betre rusta til å møta dagen.