fredag 11. desember 2009

ellevtedagen

Ellevtedagen er som kjend dagen etter tiandedagen og dagen før tolvtedagen. ellevtedagen er også tredjedagen etter åttandedagen, og såleis kan ein slutte at det har gått tre dagar mellom innlegga på antiagenturet. Desse tre dagane var prega av at tiden mellom åttandedagen og ellevtedagen gjekk.

Som kjend er det slik at tida går, ikkje kryp eller spring eller køyrer bil eller flyr. Denne gåande tida kan ein så dele inn i mindre einingar: Døgeret som vi deler inn i dag og natt, og dette døgeret kan vi dele inn i timar, minutt og sekund. Den siste måten å dele gåande tid inn på, nemleg etter klokka, som sjølvsagt ikkje må forvekslast med Klokka, er eit ofte nytta tidsinndelingsparadigme i den internasjonale verda. Ein kan finne konsertar annonserte til ei viss tid, på same måte som radioprogram kan vere annonserte til ei viss tid. For at ein ikkje skal tru at konserten og programmet tek til samstundes, kan ein også gje dei einskilde døgra namn. ellevtedagen, som er i dag, vil kunne bere namnet "ellevte desember, totusenogni etter Kristus". Denne måten å dele inn gåande tid på vert kalla den gregorianske kalenderen, etter pave Gregor XIII.

Då denne kalendersorten som berre har vore nytta i 427 år, har ein historisk sett meir røynsle med den julianske kalenderen. I Danmark-Noreg var denne gregorianske kalenderen ny i 1700, noko som tyder at ein i desse landa berre har 309 års røynsler med slik kalender. I Sverige gjekk ein også bort frå den julianske kalenderen i år 1700, men dette berre over ein periode på 12 år. Eigentlege røynsler med gregoriansk kalender i Sverige går over 256 år. fotnote 1
Etter den julianske kalenderen er i dag ikkje ellevtedagen, ellevte desember totusenogni, alternativt 11.12.2009 a.D, men tjueåttande november totusenogni, alternativt 28.12.2009 a.D.

Prinsippet som med innføringa av den julianske kalenderen dei siste 1963 åra har vore sterkt styrande for kalendertypar, som har vorte meir og meir internasjonalt styrande, følgjer det sideriske året - eller: "Det sideriske år er tiden det tar sola å komme tilbake til samme posisjon med hensyn til stjernene på stjernehimmelen" fotnote 2

Sjølvsagt finst det også fleire andre kalendertypar. Difor fell nokre høgtider til same tid i høve til den gregorianske kalenderen kvart år, medan andre ikkje gjer det.


fotnote 1: Dersom ein reknar kalenderrøynsler for påske for viktige, har Sverige 165 års røynsler med gregoriansk påske.

Ingen kommentarer: