fredag 24. august 2007

Mållaus intertekstuell undring

Min själ,
min darrande själ,
vart går du?

Ein kan jo undre, når ein ikkje søv når ein skal sove, når ein ikkje får skrive det som sit fast mellom hovudet og fingrane, når alt ein ser er graut og alt ein høyrer er sus. Løysing: Uhelsesame mengder kaffi og turka frukt med sjokolade. Korte innslag av te og neter.

Og når ein sit slik og darrar, kan ein tenkje på kor darrande han Simon var då Kristin gjekk frå han, og kor heldig presist namnevalet var frå forfattar slik at lesar heile tida har visst at han ikkje er heilt stødig sjølv om alle meiner han er det, eller kor mange som har darra gjennom tidene heilt generelt, og tenkje vidare at det er sikkert noko ein har misforstått ein stad. Og ein må hugse på punktum.

Godt her ligg eit eple til seinare.

2 kommentarer:

m sa...

"Darre" er eit veldig fint ord. Og dirr. Ein dirr av noko vakkert mellom to.

Det er det som tel. Strunta i resten.

tante fiolett sa...

Dette er ein av dei finaste bloggpostane eg har lese. Er det ikkje Vreeswijk som ein stad syng om "stora Darren"; eg tykkjer det er flott.

Ja, det er det som tel - at darren er der.