måndag 13. august 2007

Ferierapport

Klokka hadde tenkt å skrive litt om hennar mål for heile ferien. Først må det seiast at ho faktisk ikkje har hatt eller har ferie, av fleire årsaker, og hovudsakleg ei årsak. Men det vart jo, ved sida av meir eksotiske ekspedisjonar (som bileta under viser), endå ein seildukshustur. Det var slett ikkje dumt. Og sjølv om klokka er vonbroten over å ikkje ha kome til valfartsstaden Høyanger i år heller, så må ho seie at mykje trass alt var bra. Til dømes var det ingen som ville tvinge i henne joika-kaker, eller sutra over fråveret av joika-kaker. Alt som var lova henne for sommaren, har ho no fått lovnader om i september, då ho ikkje eigentleg har nytte av det for same formålet, men det har jo ingenting her å gjere. Dessutan kling no september-lovnader ikkje så reint ille.

(Om klokka no verkar forvirra, så er ikkje det til å undrast over. Ho har vore på eit jobbintervju for ei stillling ho ikkje er kvalifisert for, og det heile var prega av meir surrealisme enn den kvardagen ho elles kjenner.)

I alle høve: Medan klokka tenkte på mykje, blant anna på korleis ho skulle få til å kome til Høyanger ein gong i livet, og var ute på tur med Str.34, trefte ho nokon ho ikkje tenkte at ho skulle treffe.

Slik var altså det. Resten av tida gjekk med til andre ting. Etter møtet med gjengen på biletet, og sidan alle i gjengen på biletet var så barnslege, og sidan dei stod mellom henne og Høyanger, føretrekte klokka og Str.34 andre aktivitetar.

No kan det sjølvsagt sjå ut som om klokka var redd.

2 kommentarer:

tante fiolett sa...

Eg trur nok at Klokka faktisk var litt redd - men mellom oss sagt: det hadde eg òg vore. I teorien meiner eg kyr er kjekke dyr, som ikkje vil meg anna enn godt, og som eg godt kan slå av ein prat med. Men når eg andlet til andlet ser dei inn i kvitauga, då kjem nervøsiteten krypande oppetter ryggen på meg.

Elles er septemberlovnader ein god ting, som absolutt ikkje bør undervurderast.

Klokka sa...

takk for oppmuntringa september-vis.

ærleg tala var klokka ikkje heilt redd, sidan ho ein gong som fireåring skal ha ride eit heilt stykke på ein oksekalv utan lov og berre med ein med-cowboyjente tilstades, utan at ho hugsar det sjølv. og ho har då mjølka geit minst ein gong.

men med det sagt: det klokka frykta litt, var kva som ville hende om bjøllekua ut av det blå fekk det for seg å oppfatte klokka-og-Str.34-tur som diskrimminerande åtferd. det er ikkje berre-berre, dét, når ein plutseleg kjem ut i eit slikt uføre.

sidan klokka og Str.34 var faktisk talmessig åtte gonger underlegen, og tonnasjemessig ikkje til å tru underlegen, og dette heilt tydeleg var tale om revolusjonsvenlege brushovud-ungdomar, fann klokka det best å ikkje starte ein diskusjon.