onsdag 19. desember 2007

Nittande luke

Rom skal ryddast, klede skal tørkast, golv skal vaskast, boss skal brennast - og gravemaskinen i nabohagen har motorstopp.

Imedan, ein annan stad, står det ein og undrar på kvar det vart av nålauget. Han seier at no er det nok. Om ikkje det dukkar opp snart, så vil han sjå seg om etter noko anna.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Om det ikkje er eit nålauge, så er det ein kvan som gaper opp.

Eg trur ikkje det er så lett å vere kamel, eigentleg. Alt dei er innvolverte i verkar jo heilt umogleg.

Eg får stor resepkt for kamelen når eg etter beste evne prøver å sjå det slik han ser det. Eg hadde ikkje likt å bli svelgt.

tante fiolett sa...

Apropo nålauga: Skal antiagenturet ha joletre i år? (eg og katten har tenkt å nytta høvet til å skjera litt ned på den forvokste skogen i nabolaget. Men tyst! ikkje eitt ord til nokon!)

Klokka sa...

jaudå, klokka hadde då tenkt å finne ein tyrilegg til stasstova. men ho veit neimen ikkje om naboane vil sette pris på å få hekken redusert over natta. men det er vel ei prioriteringssak det også, som alt anna.

Og kjære knøtt, klokka hadde heller ikkje lika det om knøttet, eller klokka, vart svelgt.